SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 75 skann 77

75 elevane har gjort gjennom heile skoleåret, og må derfor ikkje berre ta omsyn til det eleven presterer ved prøver i slutten av skoleåret. Prøvene bør gå inn som ein naturleg del av undervisninga slik at dei kan motivere og fremje læringa. Det er viktig at prøvene blir lagde opp slik at ein også prøver kva for evne elevane har til å ordne og behandle eit stoff og vurdere kritisk. Det er ikkje til hinder for også å gje korte kunnskapsprøver. Diagnostiske prøver kan ein bruke først i skoleåret for å finne nivået i klassen. Desse prøvene må ikkje gå inn i karaktergjevinga. Munnleg og skriftleg språkbruk er jamstelte. Det må ein ta omsyn til når ein vurderer, slik at arbeidet med munnleg språkøving får den vekta det skal ha i opplæringa. Når ein vurderer både den munnlege og skriftlege dugleiken, må ein leggje vekt på den evna elevane har til å ordleggje seg greitt og rett, kor rik språkføring dei har, og kva for kunnskap og innsikt dei viser. Ein må her vere merksam på at språk og litteratur er jamstelte fagområde. Ein skal også ta omsyn til det tilleggsarbeidet elevane har gjort i faget, t.d. foredrag, skriftlege særoppgåver eller andre emne som eleven har arbeidd særskilt med. Grunnlaget for å vurdere munnleg dugleik har læraren i det daglege skolearbeidet, ved særskilte prøver og ved særlege oppgåver som elevane tek på seg, t.d. foredrag, orientering 0.1. Grunnlaget for å vurdere skriftleg dugleik finn læraren i ymse former for oppgåver, som t.d.: oppgåver som er knytte til yrkesprega stoff (brev, søknader og rapportar), oppgåver som er knytte til ein tekst eller eit samansett tekstmateriale, vanleg fri stil. I sidemålet må oppgåvene vere noko enklare enn i hovudmålet. Prøvene i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, slik at dei kan motivere og fremje læringa. Prøvene bør så langt råd er ha karakter av å vere øvingar. Det er om å gjere å finne fram til prøver som viser kva for evne elevane har til å setje seg inn i, ordne og gjere greie for eit emne. Både dei skriftlege og munnlege prøvene bør vere av skiftande slag, slik at elevane kan få syne evnene sine på ulike område. 6. HJELPEMIDDEL Til norskundervisninga skal skolen ha - godt utval av klassesett med norsk skjønnlitteratur både på nynorsk og bokmål - utval av lydband med bl.a. høyrespel og skolekringkastingsprogram med klassesett av teksthefta - utval av innlesen skjønnlitteratur (også poesi) på lydband eller grammofonplater
Skann 77 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 75». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/77/