SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 74 skann 76

74 4.3. Undervisningsformer Undervisningsformene er avhengige av kva for emne ein tek opp, kva for føresetnader elevane har, og av dei hjelpemidla og romma skolen har. Det er derfor neppe rett å gje snevre retningslinjer for dei undervisningsformene ein bør bruke i arbeidet med dei ymse delane av faget. Læraren og elevane samarbeider om ein framdriftsplan for undervisninga og for å skifte mellom ulike undervisningsformer, slik at opplegget blir fast og målretta. Elevane bor lære å vurdere samanhengen mellom innhald og undervisningsform. Her er nokre hovudkrav til alle undervisningsformene som ein bruker: det må skapast ein positiv atmosfære a arbeide og a lære i undervisninga må vere godt organisert med tanke pa emne, hjelpemid- del og arbeidsformer stoffet må presenterast eller demonstrerast mest mogeleg klart og konkret elevane må stimulerast til å vere "aktive elevane må få hove til å avklare stoffet og summere opp røynslene frå læreprosessen Undervisninga bor skifte mellom klasseundervisning der heile klassen er samla om eit emne (ved t.d. foredrag, demonstrasjon eller samtale), og gruppearbeid der nokre færre elevar arbeider saman om ei oppgåve. Ein må organisere gruppene slik at kvar elev kan ta aktivt del ut ifrå sine føresetnader. Elevane må også få arbeide med individuelle oppgåver innanfor område der det er formålstenleg. Storklasseundervisning bor ein bruke berre i svær f liten monn. Ein god del av arbeidet med faget må elevane gjere som heimearbeid for at dei skal få det rette utbytet av norskundervisninga. Læraren og elevane må planleggje heimearbeidet saman. På denrnåten blir elevane medansvarlege for å halde tidsrammene. I arbeidet med mange emn : kan ein bruke langlekser som læraren og elevane avtalar seg imellom. 4.4. Samordning med andre fag Det er naturleg å samordne mest mogeleg undervisninga i norsk med undervisninga i andre fag. Det kan ein bl. a. gjere når ein vel sakprosatekstar, og når ein løyser praktiske arbeidsoppgåver. Eit samarbeid over faggrensene aukar motiveringa hos elevane for norskundervisninga. 5. VURDERING Elevane skal ha ein skriftleg og ein munnleg standpunktkarakter i faget. Vurderinga må byggje beinveges på målet for faget og det stoffet ein har gått igjennom. Vurderinga må dessutan ha grunnlag i det arbeidet
Skann 76 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 74». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/76/