SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 73 skann 75

73 STILLELESING Dette er ei arbeidsform som elevane kjenner og har brukt i mange år. Det kan likevel vere behov for å øve seg i tekstforståing ved stillelesing. Stoff som skal brukast til oppgåver i tekstforståing, kan ein med fordel hente frå aviser og tidsskrifter, og det kan ha eit innhald som går utover det området elevane sjølve har røynsler ifrå. Det stimulerer elevane til sjølvstendig, systematisk arbeid med stoffet. Når elevane får slike oppgåver, må læraren syte for at oppslagsbøker er lett tilgjengelege. Frie munnlege aktivitetar må utgjere ein viktig del av opplæringa i norskfaget. Av slike aktivitetar nemner vi her orientering frå læraren om oppgåver og arbeid, gjennomgåing av stoff, spørsmål og svar, samtale om ymse emne, eksaminasjon. Det er viktig at øvingane går for seg i mest mogeleg naturlege situasjonar og slik at elevane tek aktivt del i dei. Ordskifte gjev elevane øving i å ta del i debatt og vurdere synsmåtar som kjem fram. Emna skal læraren velje i samråd med elevane, og dei må ikkje vere så krevjande at berre ein del av klassen kan ta del i dei. Foredrag, t.d. i form av små uhøgtidlege kåseri, tener til å lære elevane å stå framfor ei forsamling. Røynslene syner at det er vanskeleg å få ein del av elevane med i denne forma for aktivitet. Det er derfor viktig å oppmuntre dei til å finne emne som dei har særleg interesse for. Da har dei betre vilkår for både å bli engasjerte sjølv og å engasjere tilhøyrarane. Foredrag skal ikkje vere opplesing frå manuskript. AKTIVITETAR UTANFOR SKOLEN For at undervisninga i dei enkelte faga ikkje skal bli for teoretisk, bør elevane få høve til å vitje eventuelle framtidige arbeidsplassar. Det kan ein samordne med at ein intervjuar leiande funksjonærar på desse arbeidsplassane. Elevane kan førebu slike intervju i grupper, ta dei opp på lydband og spele dei av seinare for klassen. Besøk på utstillingar, kino og teater kan også danne grunnlag for munnlege aktivitetar i klassen, som foredrag og korte utgreiingar om faglege emne. SKRIFTLEGE ARBEIDSFORMER Når ein gjev oppgåver, må ein ta omsyn til det nivået klassen er på. Under visninga kan ein differensiere ved å gje oppgåver som har ulik vanskegrad, slik at alle elevane kan velje oppgåver dei meistrar. Somme elevar har lite å skrive om og blir dermed ikkje motiverte til å bruke språket. Læraren bør derfor syte for fyldig tekstmateriale til nokre av dei oppgåvene han gjev. I førstninga kan han gjerne gje elevane ferdige disposisjonar. Det er viktig å gje oppgåver av stigande vanskegrad igjennom skoleåret.
Skann 75 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 73». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/75/