SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 68 skann 70

68 3.2.1.1. Litteraturlesing A. To heile diktverk frå tida etter 1850. romanar og/eller skodespel B. Minst 15 sider poesi (Ei side svarer til 30 verselinjer.) C. Minst 40 sider novellistisk stoff D. Minst 50 sider moderne sakprosa (bla. avis- og tidsskriftartiklar. også svenske og danske) Det blir ikkje sett bestemte krav om at visse diktarar og dei ymse litterære epokane er med i litteraturutvalet. Det er viktigare a finne fram til lesestoff som ein kan vente verkar engasjerande på elevane i livssituasjonen deira, enn å lese eit litteraturhistorisk representativt utval av skjønnlitteratur. Dermed stimulerer ein den interessa elevane har for god og verdifull lesing, og fremjar den personlege voksteren og modninga hos dei. Elevane kan gjerne lese dei to diktverka utanfor undervisningstimane, slik at ein pa den maten får betre tid til a innleie om verket og forfattaren, samtale og diskutere verket og arbeide med oppgåver i tilknyting til det. Ein del av sakprosaen bor ha tilknyting til økonomiske, sosiale og kulturelle sporsmål, og dessutan til internasjonal politikk og. mellomfolkeleg samarbeid. Stoffet bor ein også knyte til andre fag i pensumplanen. Om lag 1/4 av poesien, det novellistiske stoffet og sakprosaen skal vere pa sidemålet. 1 ' 3.2.2. Tillegg for administrasjonslinja 3.2.2.0. Litteraturlesing For administrasjonslinja gjeld desse særlege retningslinjene nar ein skal velje sakprosa: Ein del av stoffet skal ha tilknyting til andre fag i pensumplanen for administrasjonslinja. Om lag 1/3 av alt stoffet som elevane skal lese i faget norsk, skal vere på sidemålet. 3.2,2.1. Saksbehandling A Saksbehandling allment a) Kva meiner vi med saksbehandling? b) Kva for rolle spelar saksbehandlinga? c) Kva for rolle spelar saksbehandlaren? d) Kva for ansvar har saksbehandlaren? e) Kva forhold står saksbehandlaren i til over-/underordna 9 f) Kor viktig er rask og noyaktig saksbehandling 9 1 ' Jfr. emnelista for administrasjonslinja.
Skann 70 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 68». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/70/