SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 59 skann 61

59 overfor klassekameratane, lære dei å vere omsynsfulle og høflege, lære dei orden i alt arbeid og gode arbeidsvanar. Ein viser for så vidt til det overordna målet for skolen. Undervisning i samla klasse vil i dei fleste tilfella oppta størstedelen av undervisningstida. I klassesituasjonen må ein bruke alle former for undervisning, frå foredrag og demonstrasjon til rettleiing av kvar elev. Klasseundervisning basert på lekser til kvar time har den fordelen at læraren på ein effektiv måte kan dirigere og kontrollere arbeidet. Undervisning gjennom gruppearbeid må ein bruke ofte. Formålet med gruppearbeidet er å utnytte det denne arbeidsforma gjev av språkleg dugleiksøving, planlegging og gjennomføring av ei oppgåve og samarbeidsøving. Undervisninga skjer ved at ein - organiserer og varierer gruppene - planlegg oppgåver og emne for gruppearbeidet - rettleier og informerer gruppene under arbeidet - hjelper til med å summere opp og avklare resultatet av arbeidet. Inntil elevane er vel inne i denne arbeidsmåten, bør gruppearbeida vere så enkle at elevane kan løyse dei på ein skoletime. Slike korte gruppearbeid kan ta sikte på å øve inn bestemte dugleikar. Det er avgjerande for gruppearbeidet at alle medlemmene i gruppa kan vere med å gje sitt ut frå sine eigne føresetnader. Dersom ein varierer gruppene på ein rimeleg måte, kan ein unngå at det dannar seg "klikkar" i klassen. Undervisning i storklasse kan vere aktuell i emne der dugleiksøvinga er viktig, t.d. når ein skal informere om samfunnsfaglege emne ved foredrag, demonstrasjon, framsyning av film og fjernsynsprogram. Undervisninga i storklasse stiller særlege krav til at stoffet blir framstilt oversiktleg slik at alle elevane kan følgje med. Ein bør bruke audiovisuelle hjelpemiddel for å demonstrere stoffet så klart som mogeleg. Undervisninga bør ein leggje opp slik at elevane kan notere. I mange tilfelle vil undervisninga i storklasse krevje at ein legg til rette spesielle oppgåver på førehand, og at det stoffet som ein går gjennom, blir etterarbeidd i mindre grupper. Individuelle arbeidsoppgåver gjer det mogeleg å rettleie kvar elev. Læraren og eleven bør planleggje og gjennomføre oppgåvene i samarbeid og leggje dei opp slik at dei både fremjar den faglege læringa og øver eleven i sjølvstendig arbeid. Øving i sjølvstendig arbeid er ein av føresetnadene for å kunne gjennomføre differensieringa. I dei fleste klassane eller gruppene vil det vere svært forskjellig kva elevane kan greie av sjølvstendig arbeid. Det er derfor viktig at dei oppgåvene som blir tekne opp, er rimelege i omfang og vanskegrad, og at elevane
Skann 61 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 59». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/61/