SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 57 skann 59

57 Andre munnlege aktivitetar: På skolen vil mykje tid gå med til samtaleundervisning om stoff som elevane har lese. Det er da viktig å trekkje alle elevane i klassen aktivt inn, sjølv om røynslene viser at dette er vanskeleg å gjennomføre. I emnelistene finn ein øvingar i å halde foredrag, diskusjonsinnlegg og diskusjonsinnleiingar. Elevane bør også få øve seg i å leie ordskifte. Det er viktig å finne emne som fengjer elevane. Dersom ein lykkast i det, er det lettare å få mange til å utfalde seg. Det sentrale er å få så mange elevar som mogeleg til å bruke språket munnleg og å utvikle evna hos kvar elev til å bruke språket. Arbeidet med ei skriftleg oppgåve kan bla. danne grunnlaget for ein diskusjon. Som grunnlag for munnleg aktivitet kan ein også øve elevane i å gje meldingar, sende over meldingar, referat av ein tekst dei har lese eller samtalar. Elevane kan også presentere sine skriftlege oppgåver i klassen, og bør også kunne hente stoff til samtalar frå andre fag. Det er naturleg å trekkje fram faga salslære og kontorlære, der det er mange emne som kan vere grunnlag for munnlege aktivitetar i norsktimane. Skriftlege arbeidsformer I emnelista vil ein under punkt 3.2.2. finne kva for skriftlege øvingar som elevane skal ha, og under punkt 3.2.3. blir det kravd at elevane skal gå gjennom ei enkel språklære. I arbeidet med språklæra bør ein leggje vekt på å gje aktiviteten eit funksjonelt siktemål, slik at elevane tileignar seg språkkunnskapar som dei kan bruke direkte i sin eigen språkbruk. På dette området må ein vere varsam slik at undervisninga ikkje skyt over målet og blir for teoretisk. Det er svært viktig at det er progresjon i opplæringa og i dei oppgåvene som blir gjevne. Elevane i 1-årige grunnkurs vil stå på ulike faglege nivå, og eitt av hovudpunkta blir å gje kvar elev så gode vilkår som mogeleg til å utvikle seg ut frå hans eigne føresetnader. Den teoretiske innføringa i språkfunksjonar og skrivesituasjonen må ta sikte på å utvikle evna hos elevane til å bruke språket i ulike samanhengar. Det er viktig at språkopplæringa blir konsentrert om klart avgrensa problem (emne), og at dei enkelte delane igjen er ein vel planlagd heilskap. Planlegginga vil spele ei viktig rolle i ei undervisning som på denne måten isolerer problema. Dei skriftlege oppgåvene vil i førstninga vere forholdsvis enkle småoppgåver. Av og til bør elevane også få prøve seg på å gje fyldige framstillingar. Dessutan bør ein gje oppgåvene i ein samanheng (skrivesituasjon) når det speler ei rolle for korleis kvart svar blir utforma, og i den grad det er naturleg. Ein må også utvikle evna til å gje eit svar ei passande overskrift. Til punkt 3.2.2.0. i emnelista, sakleg skildring, enkle utgreiingar og skildringar Her må ein velje oppgåver av forskjellig vanskegrad. Oppgåvetypane
Skann 59 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 57». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/59/