SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 56 skann 58

56 undersøkje både standpunkta til elevane frå deira tidlegare skolegang og dessutan halde diagnostiske prover. Dei resultata læraren kjem fram til. må i høg grad telje med når han skal planleggje undervisninga. Saman med elevane bør han leggje opp ein plan for korleis undervisninga skal vere gjennom heile aret. Under planlegginga må læraren ha avgjerande innverknad på grunn av sine faglege kvalifikasjonar og pedagogiske røynsler. Han bor få greie pa dei ønska elevane har om emne og arbeidsformer, sa tidleg at han kan fa dei med i opplegget så langt det er mogeleg. Årsplanen skal sikre at dei forskjellige punkta i emneplanen blir gjennomgåtte, og at dei enkelte emna far den plassen som er nødvendig. Her må ein ta omsyn både til målet for faget og til foresetnadene hos elevane. Det vil dessutan vere gunstig om ein kan leggje planar for kortare tidsrom, t.d. eit kvartal eller ein månad. Det er tilrådeleg å gjere eit emne til hovudinteresse for undervisninga innanfor, eit bestemt tidsrom. Det er lite heldig at ein stadig vekslar, t.d. i ein undervisningstime, frå eit emne til eit anna. Læraren må bruke dei undervisningsformene og organisasjonsformene som tener foresetnadene og interessene til elevane best. Elevane har krav på stadig å få vurdert arbeidet sitt med kunnskapsstoffet. Det er her viktig å vere klar over at ei slik stadig vurdering av standpunkta til elevane og av deira tileigning av kunnskapar også speler inn nar ein skal fastsetje den endelege standpunktkarakteren. 4.2. Arbeidsformer Norskfaget har eit spesielt ansvar for at elevane får ove inn riktig studieteknikk, jfr. punkt 3.2.4. i emnelista. Elevane bor derfor i førstninga av skoleåret få den innføringa i studieteknikk som er nødvendig. Til studieteknikken høyrer også oving i notatteknikk. Elevane bor få oving i å notere både under tradisjonell klasseromsundervisning. under stillelesing på skolen og under lekselesing heime. I førstninga bor læraren i alle tilfelle kontrollere notata. Munn lege ar be idsfo n ner Høgtlesing: Det vil av og til vere naturleg at ein elev les hogt for klassen eller for ein del av klassen. Ein slik aktivitet har minst to funksjonar han er eit ledd i behandlinga av det stoffet som klassen arbeider med, og er også med på å auke dugleiken hos elevane til å lese hogt. Høgtlesinga bor ta sikte på at kvar elev skal utvikle seg når det gjeld klar uttale, riktig intonasjon og levande formidling av innhaldet. Stillelesing: På grunn av mangel på tid på skolen må eleven tileigne seg det meste av kunnskapsstoffet heime. Det er ein foresetnad at størstedelen av det litterære stoffet og sakprosatekstane med emne frå næringsog samfunnslivet blir lesne heime.
Skann 58 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 56». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/58/