SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 55 skann 57

55 Den saklege skildringa skal formidle ulike typar informasjon. Her må ein også kunne drøfte dei sentrale samtidsspørsmåla som målsetjinga krev. Det vil ofte vere naturleg å knyte oppgåvene til det stoffet ein arbeider med under punkt 3.2.0., lesing. Når ein arbeider med stoff frå samfunns- og næringslivet, kan det vere aktuelt å konsentrere arbeidet om visse temakrinsar. Reklame, miljøvern, trafikkproblem, familieplanlegging, ungdom og utdanning og generasjonsproblem er døme på slike temakrinsar. Ein må gå gjennom ei godkjend språklære som inneheld ein kort grammatikk, dei viktigaste rettskrivingsreglane, reglar for teiknsetjing og andre skrivereglar (deling av ord, forkortingar, store og små forbokstavar o.L). Spesielt må ein leggje vekt på ordval og setningsbygnad, bla. for å gjere kvar elev klar over hans eigen språkbruk og på den måten skape ei aktiv holdning til skriftleg bruk av språket. Undervisninga i grammatikk må ta sikte på å støtte framandspråkopplæringa. Dessutan bør ein leggje vekt på å utvide ordforrådet til elevane. Opplæringa må sikte mot den funksjonen språket skal tene. Språket er ein viktig reiskap både i yrkeslivet og elles, og ein må derfor leggje vekt på å utvide og utvikle alle delar av språkopplæringa hos elevane - bade å forstå, snakke, lese og skrive. Gjennom studietekniske arbeidsmåtar ønskjer ein å utvikle ei riktig og rasjonell form å arbeide med stoffet på. Ein må ta sikte på å arbeide inn forskjellige lesemåtar som skumlesing, fortlesing, normallesing og tungtlesing. Det er svært viktig at ein disponerer tida i forhold til det stoffet ein skal tileigne seg. Særleg er dette viktig for lekselesinga. Ein bør ta sikte på å venje elevane til å bruke ordlister, leksika og andre typar oppslagsverk. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1. Dei konsekvensar målet har for arbeidet med faget Som nemnt i avsnitt 2.1. legg målet stor vekt på at elevane tileignar seg kunnskapar, men formuleringa av målet inneheld også krav om å øve inn dugleikar. I omtalen av målet finn vi også krav om at elevane skal oppleve dei estetiske og etiske sidene som diktinga rommar. I formålsparagrafen til dette skoleslaget er det dessutan nemnt at ein skal gje elevane ei forståing av deira plikter overfor kollegaer og arbeidsgjevarar, lære dei å vere omsynsfulle og lære dei orden i alt arbeid, gode arbeidsvanar og verdien av samarbeid på arbeidsplassen. tuuGiUbvanai ug veiuicn av bdiuaiuciu pd diuciuapidsscii. / Det som er nemnt her, får sitt å seie for dei arbeidsformene, undervisningsformene og organisasjonsformene som ein vel. For at ein skal nå målet på den korte tida ein har til disposisjon, må ein planleggje undervisninga nøye. Læraren må først i skoleåret gjere seg kjend med forkunnskapane til elevane. I dette arbeidet bør han truleg
Skann 57 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 55». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/57/