SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 54 skann 56

54 3.2.1.2. Foredrag 3.2.1.3. Diskusjonsinnleiing og diskusjonsinnlegg 3.2.1.4. Øving i å leie eit ordskifte 3.2.2. Skriftlege øvingar 3.2.2.0. Sakleg skildring, enkle utgreiingar og skildringar 3.2.2.1. Referat og rapportar bygde på lesen tekst eller med emne frå opplevingar eller røynsler hos elevane 3.2.2.2. Referat i konsentrert form av eit lese stykke (precis-writing) 3.2.3. Språklære 3.2.4. Studietekniske arbeidsmåtar 3.2.4.0. Leseteknikk 3.2.4.1. Notatteknikk 3.2.4.2. Lekselesing 3.2.4.3. Bruk av oppslagsboker 3.3. Kommentarar tii emnelista Ein må lese dei litterære tekstane (skjønnlitteratur, 3.2.0.0., og sakprosa, 3.2.0.1.) med tanke på oppleving og innleving. Tekstane skal stoffleg til ein viss grad vere knytte til den studieretninga elevane har valt. Stoff med emne frå nærings- og samfunnslivet bør også gje elevane samtidskunnskap. Ein bør hente hovuddelen av det skjønnlitterære stoffet frå vårt eige hundreår. Det er ikkje sett noko minstekrav for tekstar som elevane skal lese. Så langt det er mogeleg, bor læraren og elevane velje tekstane saman. Når ein vel tekstar, er det viktig å vere klar over at ulike elevar kan arbeide med stoffet på ulikt nivå. Graden av differensiering og graden av fordjuping er avhengig av evnene og føresetnadene hos elevane. Ein står svært fritt når det gjeld å velje skjønnlitterære tekstar, men interessene og føresetnadene til elevane må vege tungt. Det er ikkje noko krav at alle skjønnlitterære genrar skal vere representerte i det utvalet som ein klasse gjer, men ein må ta omsyn til det overordna målet for faget, som bl. a. seier at undervisninga skal utvikle evna hos elevane til å oppfatte og oppleve dei estetiske og etiske verdiane som diktinga rommar. Stoffvalet bør heller ikkje vere for einsidig. Det er eit krav når ein arbeider ut lærebøker, at både noveller, utdrag av romanar, dikt, skodespel og essay skal vere med. Ein må kunne bruke aviser, tidsskrifter 0.1. i undervisninga dersom ein legg vekt på å vurdere stoffet kritisk. Munnlege øvingar må få ein brei plass under arbeidet med det stoffet som er skissert i punkt 3.2.0. i emnelista, lesing. Med foredrag tenkjer ein på innlegg i kort munnleg form der ein legg vekt på å øve seg i å vere übunden av manuskriptet.
Skann 56 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 15

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 54». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/56/