SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 53 skann 55

53 Gjennom arbeidet med faget skal elevane utvikle evna si til å få fagleg utbyte av framstillingar i sakprosa. Ein må arbeide for å nå dette målet i den delen av undervisninga som skal gje elevane samtidskunnskap. I munnlege og skriftlege øvingsoppgåver bør ein helst bruke aktuelle tekstar frå slike område av næringslivet, arbeidslivet og samfunnslivet som har tilknyting til interessene og yrkesvala hos elevane. Morsmålsopplæringa skal vere til praktisk nytte for elevane sjølve og for det arbeidet kvar av dei skal gjere. Ein skal derfor leggje vekt på å utvikle elevane sin eigen dugleik i å bruke språket munnleg og skriftleg. Uttrykket "dikting" er her brukt i vid meining. Ein må rekne med at skjønnlitterære tekstar vil vere det vanlegaste lesestoffet for ein del av elevane, medan det for andre kan vere naturleg å leggje hovudvekta på sakprosatekstar. 3. EMNEPLAN 3.1. Dei konsekvensar målet har for utvalet av fagstoff Dei emna som er sette opp i leseplanen, viser at faget norsk både er eit allmennfag og eit fag som skal vere til nytte for arbeidet til elevane. Det er viktig å finne undervisningsstoff som er tilpassa både nivået til elevane og deira linjeval ut frå dei interessene dei har (handels- og kontorfag). Dersom tida tillét det, bør ein også til ein viss grad velje tekstar som har tilknyting til andre felt av nærings- og arbeidslivet enn det som er naturleg ut frå det linjevalet elevane har gjort. Det fagstoffutvalet som skal gje elevane samtidskunnskap, bør danne grunnlaget for ei systematisk opplæring. Ein må derfor ikkje velje emne og tema før ein har vurdert dei nøye i samanheng med emnelista for andre fag, t.d. samfunns- og næringslære. Det stoffet ein vel, må samla gje ei objektiv framstilling av dei emna som blir tekne opp. Kravet til objektivitet må likevel ikkje hindre at ein kan arbeide med kontroversielt stoff eller med stoff som gjev uttrykk for eit bestemt syn på ei sak. Men ein må alltid ved hjelp av anna stoff syte for å kaste lys over saka frå meir enn ei side. 3.2. Emneliste 3.2.0. Lesing 3.2.0.0. Reint litterært stoff (prosa og poesi) 3.2.0.1. Stoff med emne frå nærings- og samfunnslivet 3.2.1. Munnlege øvingar I den munnlege opplæringa kan ein bruke desse arbeidsformene: 3.2.1.0. Førebudd og ikkje førebudd høgtlesing 3.2.1.1. Stillelesing med etterfølgjande munnleg referat og drøfting
Skann 55 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 53». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/55/