SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 52 skann 54

52 Norsk (3-timars kurs) 1. GENERELL INFORMASJON Norsk høyrer til dei felles allmenne faga i studieretning for handels- og kontorfag, eitt-årig grunnkurs. Det har tre veketimar. I klassar og grupper der elevane har svake forkunnskapar, rar ein til a bruke ein av styrkingstimane til norskopplæring. 2. MÅL Gjennom arbeidet med faget norsk skal elevane styrkje evna si til å lese norsk og til a ordleggje seg rett, greitt og naturleg i munnleg og skriftleg sakprosa utvikle evna si til å oppfatte og oppleve dei estetiske og etiske verdiane som diktinga rommar, og til å fa fagleg utbyte av framstillingar i sakprosa skaffe seg samtidskunnskap 2.1. Kommentarar til målet Arbeidet mot dette målet må ta til på det dugleiks- og kunnskapsnivået som elevane har frå grunnskolen. Det vil her vere naturleg å leggje mest vekt på det som elevane er svakast i, utan at ein dermed taper dei andre sidene av målsetjinga av syne. Slik målet er formulert, blir det lagt stor vekt på ei undervisning som tek sikte på å nå bestemte kunnskapsmål (elevane skal utvide kjennskapen sin til det norske språket og skaffe seg samtidskunnskap) og ove inn visse dugleikar (lese norsk og ordleggje seg rett, greitt og naturleg). Men målet inneheld også eit tredje delmål, nemleg at elevane skal utvikle evna si til å oppfatte og oppleve dei verdiane som diktinga rommar. Eitt av måla med undervisninga er at elevane skal skaffe seg samtidskunnskap. Det er derfor naturleg at sakprosatekstane har stoff frå nærings og samfunnslivet. Ulike holdningar og verdiar vil bli presenterte for elevane gjennom problemstillingar knytte til samfunnsforhold og litteratur. Dette må kunne føre til at elevane blir interesserte i slike spørsmål, og at dei prøver å utvikle eigne synspunkt.
Skann 54 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 52». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/54/