SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 44 skann 46

44 Norsk med samfunnskunnskap (2-fsmars kurs) 1. GENERELL INFORMASJON Norsk med samfunnskunnskap er eit kurs på to veketimar. Det høyrer til dei felles allmenne faga for elevar i 1-årige grunnkurs på studieretningar for yrkesfag. Sjå fagplanane for norsk (fire-timars kurs for 2-årige grunnkurs og studieretning for allmenne fag), s. 16 i læreplanen, del 2. 2. MÅL 2.1. Arbeidet med faget skal - gjere elevane sikrare i å bruke morsmålet munnleg og skriftleg, ikkje minst i yrkeslivet - gjere det lettare for dei å lese skjønnlitteratur og fagstoff med utbyte - skape ei medviten og engasjert holdning til samfunnet og medmenneska, særleg med vekt på evna til sjølvstendig vurdering og samarbeid. Undervisninga tek i det heile sikte på a hjelpe elevane til personleg vekst og modning. 2.2. Kommentarar til målet Undervisninga skal i den grad det er mogeleg byggje på det grunnlaget elevane har frå grunnskolen. Faget har eit generelt og eit meir spesielt siktemål: Det er eit allmennfag (med vekt på generell dugleik i språket, holdningar overfor medmenneska, samfunnet osv.) samtidig som det skal vere til hjelp for elevane når dei lærar seg eit spesielt yrke. I arbeidet med faget rna ein heile tida ha desse to sidene ved målet for auge. Det er vesentleg at ein over opp både den munnlege og den skriftlege språkdugleiken og uttrykksevna. Ein må også ta sikte pa å ove opp evna til å vurdere korleis språket verkar i ulike situasjonar og samanhengar. Hovudmålet med litteraturlesinga er å gjere elevane glade i a lese. Vidare bør ho vere med på å utvide ordforrådet deira, utvikle deira sam-
Skann 46 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 44». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/46/