SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 21 skann 23

21 Skjerping av sansen for ordvalørar Arbeid med enklare stilistiske emne (ufullstendige setningar og periodar, upersonleg uttrykksmåte o.l.). B. LITTERÆRE HOVUDPUNKT Hovudmengda av den litteraturen som ein les dette året, hentar ein frå det 20. hundreåret. Det stoffet som er ført opp under a, er kjernestoff. Stoffet under b er meint anten som supplement for heile klassen, ekstralesing for grupper i klassen eller individuell tilvalslesing. Stoffet under b kan ein også hente frå litteraturen i andre land, og frå ulike genrar som t.d. dokumentarlitteratur, kriminallitteratur, biografiar, populærvitskaplege skrifter, science fiction og reiseskildringar. Anten a 1 Ein roman Eit skodespel (eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) Eit utval av korte tekstar (noveller, essay, sakprosa) (ca. 20-30 s.) Eit utval dikt (ca. 5-10 s.) Eller a 2 Ein roman (eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) Eit utval kortare tekstar (noveller, essay, sakprosa) (ca. 75 s.) Eit utval dikt (ca. 5-10 s.) Anten b 1 Ein (eller fleire) roman(ar) (gjerne også frå ein annan epoke enn det 20. hundreåret) Eit utval noveller, essay, sakprosa og dikt (gjerne også frå andre epokar enn det 20. hundreåret) Eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing Eller b 2 Eit skodespel Ein roman eller eit utval kortare tekstar (noveller, essay, sakprosa, dikt) (gjerne også frå andre epokar enn det 20. hundreåret) (Eventuelt ei elementær innføring i filmkunnskap og filmforståing) På 1. årssteget er det viktig at tekstutvalet tek sikte på å utvikle lese- gleda hos elevane og lysta til å arbeide med litteraxur. Tekstutvalet skal elevane stort sett lese som fordjupingslesing. Det kan vere naturleg å ta opp litt litteraturhistorie i samband med tekstlesinga. C. ARBEIDSTEKNIKK Særleg på det 1. årssteget er det nyttig at ein medvite arbeider etter ein bestemt arbeidsteknikk og etter ein bestemt plan. Men dette arbeidet
Skann 23 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 21». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/23/