SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 120 skann 122

120 4.2. Arbeids- og undervisningsformer Ein del forhold som er viktige når det gjeld å velje arbeidsform, er omtalte i avsnittet framanfor og i kommentarane til målet. Det må vere opp til læraren og klassen å velje arbeidsform. I matematikkundervisninga må den vanlege klasseundervisninga ha ein framståande plass. Det er ei f elgje av det behovet elevane har for å få hjelp og rettleiing av læraren i forskjellige fasar når dei arbeider med stoffet. Det gjeld ofte når ein skal fore inn nytt stoff, og svært ofte når målet er å skape orden og oversikt over eit storre stoffområde. Kontakten mellom læraren og elevane er også viktig når ein skal utvikle deira munnlege evner i faget. Dette er ikkje mindre viktig etter at eigen karakter i munnleg matematikk er fallen bort. Både gruppearbeid og individuelt arbeid kan ofte verke meir aktiviserande på elevane enn vanleg klasseundervisning. Det individuelle arbeidet har lange tradisjonar i matematikk - særleg når det gjeld å loyse oppgåver. Behovet for å bruke denne forma vil truleg auke i den vidaregåande skolen. Det har samanheng med behovet for differensiering og onsket om å gjere elevane sjølvstendige i arbeidet med faget. 4.3. Differensiering Utan omsyn til korleis gruppene blir samansette, vil det vere store skilnader i evner og prestasjonar hos elevane. Dei hjelpemidla vi har i dag, gjer det vanskeleg å drive utstrekt individualisering. Men litt individuell hjelp kan læraren gje, særleg når elevane løyser oppgåver på eiga hand eller i grupper. Det kan vere ein god regel at elevane søkjer råd hos kvarandre. Dermed får læraren betre tid til å hjelpe dei som treng det mest. I det 2. og 3. året reknar ein med at gruppene blir så einsarta at det ikkje er nødvendig med organisatorisk differensiering. 5. VURDERING Elevane skal ha ein standpunktkarakter ved slutten av kurset. Ein skal gje standpunktkarakteren på grunnlag av dei samla prestasjonane til eleven. Karakteren må byggje på både kjernefagstoffet og tilvalsstoffet som kvar elev har arbeidd med. Gjennom skoleåret skal ein vurdere den evna eleven har til å greie ut om fagstoffet skriftleg og munnleg. I skoleåret må ein gje prøver slik at ein får vurdert den evna eleven har til å arbeide sjølvstendig. Ein må leggje opp prøvene slik at dei blir naturlege delar av undervisninga.
Skann 122 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 120». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/122/