SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 119 skann 121

119 Dersom det let seg gjere, bør ein velje tilvalsstoffet for elevar i studieretning for allmenne fag som vil slutte med faget etter eitt år, slik at matematikkunnskapen får ein så stor nytteverdi som mogeleg. Når ein skal velje nye emne i tilvalsstoffet, må ein ta omsyn til det behov for matematikkunnskap som elevane har eller vil få i studieretninga/ linja. Dette vil ein ha oversikt over tidleg i skoleåret når det gjeld studieretningar for yrkesfag. Men for elevar på studieretning for allmenne fag vil det først bli klart når dei har bestemt seg for kva for linje dei vil velje, og om dei vil halde fram med kursa 2MS eller 2MN. Ein bør derfor gå gjennom nye emne i tilvalsstoffet mot slutten av skoleåret. Elevar som vil ta 2MN, bør gå gjennom mange av tilvalsemna i tillegg til kjemestoffet. Når ein skal velje tilleggsstoff, må ein også så langt det er mogeleg leggje vekt på interessene til elevane. Når elevar frå fleire studieretningar og linjer går i same klassen, må ein velje tilvalsstoffet slik at ein til ein viss grad kjem behova og interessene til alle i møte. Elevar som vil halde fram med 2MS eller 2MN, må prøve å få matematikkursa i det 1. og 2. året så samanhangande som mogeleg. 4. ARBEIDSMÅTEN 4.1. Målet og arbeidsmåtane Ein del av målet er at elevane skal bli kjende med matematisk metode. Det naturlege må vere at ein ser arbeidet i skolen i samanheng med den måten faget og dei forskjellige delane av det har utvikla seg på. Når ein tek fatt på nye område, kan det vere nyttig å sjå på dei problema som var årsaka til at forskjellige omgrep og teoriar vart utvikla i matematikken. Ein kan kanskje tale om ein meir induktiv eller eksperimenterande fase. Når ein på denne måten har fått eit utgangspunkt og tek til å sjå samanhengar, kan ein gå over til å sjå på emnet på den måten som er meir karakteristisk for dei ferdige teoriane i faget. Elevane blir da kjende med det vi gjerne kallar den deduktive karakteren til faget. Denne arbeidsmåten er tidkrevjande. Det vil derfor ofte vere nødvendig at den første fasen, som ideelt sett skulle gje rom for ein forholdsvis fri elevaktivitet, blir dekt ved at læraren underviser med spørsmål og forklaringar. Det er behov for ei konkret rettleiing i studieteknikk. Kor langt ein kan kome i retning av meir sjølvstendig elevarbeid, er avhengig av mange forhold. Her er det viktig at lærebøkene og andre hjelpemiddel blir bygde opp med sikte på å fremje ei slik utvikling.
Skann 121 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 119». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/121/