SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 10 skann 12

10 trekkje inn historisk stoff som er nødvendig for å forstå situasjonen i dag. Framstillinga bør også omfatte den sekulariseringsprosessen som både kristendommen og dei ikkje-kristne religionane opplever, og også korleis religionane prøver å møte utfordringa frå den moderne samfunnsutviklinga I ei lærebok kan vi t.d. tenkje oss at desse religionane er behandla: jødedommen kristendommen islam hinduismen buddhismen religionar i Kina japanske religionar den religiøse situasjonen i stammereligionane i Afrika eventuelle andre religionar eller område av særlig interesse. I bibelkunnskap bør elevane få ei systematisk, men kort og oversiktleg framstilling av Bibelen og stoff i tilknyting til den. Presentasjonen bør ta sikte på å få fram dei problema bibelomsetjinga og bibelgranskinga stiller oss overfor. Elevane bør få ei viss øving i å lese og tolke bibeltekstar. I samband med dette vil det også vere naturleg å kome inn på den autoritet Bibelen har. Problemet om forholdet mellom skrift og tradisjon og brytinga mellom det tidlegare synet på Bibelen sin autoritet og det historiskkritiske bibelsynet bør ein også drøfte. Kristne grunntankar bør ta opp hovudpunkta i den kristne læra med vekt på dei felleskyrkjelege tankane. Synet til dei ulike kyrkjesamfunna bør ein ta med på dei områda der det verkeleg er avvikande oppfatningar. Dette studiet kan ein leggje opp tematisk ved å diskutere ei rekkje sentrale problem i kristendommen. Dersom ein behandlar kristendommen tematisk, er det eit naturleg utgangspunkt å studere og analysere bibeltekstar. Det er vesentleg å sjå på dei problema ein tek for seg, ut frå aktuelle problemstillingar i tillegg til at dei saman kastar eit allsidig lys over eigenarta til kristendommen. Som døme kan ein ta med spørsmål som gudstru og kristustru, det kristne menneskesynet og etikk, kristendommen og kyrkja, kristendommen i samfunnet. Ein bør også ta med problematikken omkring tankane om Guds allmakt og Guds kjærleik. I tilknyting til spørsmålet om gudstru bør ein også behandle den kristne skapingstrua og det moderne naturvitskaplege verdsbiletet. Kristi person står sentralt i kristendommen. Når ein går gjennom emna, bør han få ein plass som svarer til den sentrale stillinga han har. Ein bør greie ut om kva hans ord og gjerningar, død og oppstode har hatt å seie. Den primære kjelda for dette arbeidet er dei nytestamentlege tekstane, som ein også bør kaste lys over ut frå historisk-kritisk gransking. Den innverknaden hans ord og innsats har hatt for menneske og kulturar, bør kome klart fram, likeså den rolla han speler i dag. Når ein tek for seg det kristne menneskesynet, må ein forklare elevane dei grunnleggjande spørsmåla om skapinga av mennesket, om synd og forsoning
Skann 12 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 10». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/12/