SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 9 skann 11

9 bør likevel ikkje vere nøytral på den måten at ein lét kontroversielle tema liggje og ikkje lét divergerande syn kome til uttrykk. 3.2. Emneliste Levande religionar religionskunnskap religionar Kristendommen bibelkunnskap kristne grunntankar konfesjonskunnskap Etikk og livssyn viktige livssyn og verdiholdningar i vårt samfunn etiske omgrep og grunngjevingar etiske problemområde 3.3. Kommentarar til emnelista Med den breidda som vi ønskjer framstillinga skal ha i tillegg til nødvendig kjelde- og kommentarstoff, vil emnelista sprengje alle fornuftige grenser for kva som bør vere med i læremiddel og undervisning. Vi må derfor sjå på emnelista som eit totalt tilbod til elevane i faget. Innanfor dette tilbodet må forfattarane/forlaga og elevane/lærarane gjere eit rimeleg utval. Den systematiske framstillinga av fagstoffet bør vere retta mot problemstillingane til elevane, så langt ein kjenner desse. Kjeldestoff 0.1. bør gjere det mogeleg for elevane å vurdere emna frå forskjellige sider. I religionskunnskap bør elevane få arbeide med problemstillingar som dei meiner er grunnleggjande for å orientere seg i dei ulike religionane. Ein bør derfor helst hente stoffet frå elevane si eiga røynsle- og førestillingsverd. Stoffet må leggjast fram slik at elevane sjølve kan ta stilling til dei verdiane som er implisitte. Røynsla har vist at problematiske emne av fenomenologisk art kan vere tru, bøn, Gud, sjel, evig liv, men det kan vise seg verdifullt også å sjå stoffet frå religionspsykologisk, religionssosiologisk eller religionsfilosofisk synsvinkel. Den framstillinga ein har tenkt seg av kristendommen i dette fagområdet, bør vere ein samla og poengtert presentasjon av om lag same type som den vi lenge har gjeve av dei andre religionane i lærebøkene våre. Ein slik presentasjon har sine fordelar av fleire grunnar: Det viser seg at elevane har behov for ei samla framstilling. Det som er spesifikt for kristendommen, står tydelegare fram når dei blir konfronterte med det som ikkje er av kristent opphav. Også presentasjonen av dei ikkje-kristne religionane blir klarare ved ein konfrontasjon. Elevane skal få aktuell orientering. Læremidla og undervisninga bør
Skann 11 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 9». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/11/