SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 115 skann 117

115 va elevane sidan vil møte. Derfor vil desse krava sterkt verke inn på emnevalet. Men elevane må også få oppleve glede ved å arbeide med faget, slik at faget kan få verdi i seg sjølv for dei. 3. EMNEPLAN 3.1. Utval av fagstoff Når ein skal velje fagstoff, må ein ta omsyn til at det ikkje blir lagt unødvendige hindringar i vegen for å skifte studieretning. Ein bør også leggje vekt på at elevar som les matematikk i 2. eller 3. året, skal få ei samanhangande opplæring. Særleg i 1. året må ein ta omsyn til at elevane kan ha svært ulike føresetnader for faget. Ved at ein vel emne som kan gje god meining sjølv om dei blir framstilte enkelt, kan ein leggje grunnlaget for eit differensiert undervisningstilbod innanfor ei felles ramme. Eit viktig mål for matematikkopplæringa i den vidaregåande skolen er å førebu elevane for det vanlege samfunnslivet. Dette vil på fleire måtar måtte verke inn på utvalet av emne. Særleg er det viktig at elevane får grunnlag for å forstå den stadig større rolla som visse delar av bruksmatematikken speler i dagens samfunn og i debatten om samfunnsspørsmål. Av emnelista går det fram kva for emne og omgrep som blir haldne for å vere grunnleggjande i faget. I den vidaregåande skolen må ein dessutan leggje stor vekt på den grunnleggjande dugleiken i faget, t.d. rekning med tal og omforming av rasjonale uttrykk. Den aksiomatisk-deduktive metoden kjenneteiknar store delar av matematikken. Men det er vanskeleg og neppe ønskjeleg å gje aksiomatikk nokon større plass i hovudkurset i den vidaregåande skolen. Elevane bor likevel bli orienterte om korleis ein kan byggje opp kjende strukturar på eit aksiomatisk grunnlag. Men få skapande matematikarar arbeider berre på denne måten. Matematiske oppdagingar blir like mykje til gjennom eit samspel mellom intuisjon, fantasi, kjennskap til døme og analogivurderingar. Det vil derfor vere ein fordel om ein, særleg det første året, er litt forsiktig med å la forstegongspresentasjonen av lærestoffet vere prega av omfattande provføring og høg formaliseringsgrad. Matematikken gjev oss eit middel til å gjere greie for og analysere den verda vi har rundt oss. Omgrepa og omgrepssamanhengane i matematikken kan i mange situasjonar gjere det mogeleg for oss å skape orden og overblikk. Ved hjelp av matematikken kan vi lage modellar. Under visse føresetnader kan vi ved hjelp av slike modellar på forehand rekne oss til kva som vil skje (naturlover, økonomiske modellar o.L).
Skann 117 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 115». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/117/