SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 7 skann 9

7 1. MÅL OG MIDDEL 1.1. Grunnskolen og den vidaregåande skolen Den vidaregåande skolen er ein del av det totale skole- og utdanningstilbodet i landet vårt. Skolen skal gje vidaregåande opplæring på det grunnlaget som den obligatoriske skolen har lagt. Det bør ikkje bli noko brot mellom oppgåvene og måla for grunnskolen og måla for den vidaregåande skolen, sjølv om ein del oppgåver, t.d. å førebu seg på eit yrke, vil ha ei anna vekt og eit anna innhald i den vidaregåande skolen. Fagplanane i den vidaregåande skolen må derfor byggje på det grunnlaget som er lagt i den obligatoriske skolen. Den vidaregåande skolen skal vere open for all ungdom, og alle skal i prinsippet stå fritt til å velje utdanningsveg. I alle studieretningar og på alle linjer vil den vidaregåande skolen derfor få elevar som er nokså ulike når det gjeld evner og anlegg, arbeidsiver og standpunkt. Elevane skal i så stor grad som mogeleg få ta til på det faglege nivået dei har nådd fram til når dei blir tekne inn i den vidaregåande skolen, og ein må leggje undervisninga opp i eit tempo og med eit omfang som høver for den enkelte så langt det er praktisk mogeleg. Kravet om at kvar elev skal få ei undervisning som passar for hans føresetnader og evner, gjeld ikkje minst for funksjonshemma elevar. Anten dei går i den vanlege vidaregåande skolen eller i eigne skolar, må dei få tilbod orn ei slik opplæring at dei så langt råd er, kan fylle ein normal funksjon i samfunnet og i arbeidslivet. Som andre elevar skal også elevar som har vanskar på grunn av fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, sjølv velje utdanningsveg i den vidaregåande skolen. I større grad enn andre har dei behov for god rådgjeving og yrkesrettleiing, men verksemda til skolen må som overfor andre elevar - vere avgrensa til å gje råd. For alle elevar skal skolen gje eit grunnlag for livslang læring. Det er derfor viktig at skolen motiverer for læring og har tilbod som kan kome dei ulike behova i møte. 1.2. Allmenne synspunkt på målet og midla til skolen Etter § 2 i lova har den vidaregåande skolen desse hovudoppgåvene: Skolen skal førebu elevane for yrke og samfunnsliv og leggje eit grunn-
Skann 9 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 7». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/9/