SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 8 skann 10

8 lag for vidare utdanning. Skolen skal hjelpe elevane i deira vekst og utvikling, og han skal formidle kulturarven. Skolen skal dessutan fremje visse verdiar som er nemnde spesielt. Med kulturarven forstår vi den summen av røynsler og innsikt som tidlegare generasjonar har lagt ned i tru, sed og skikk, kunst og dikting, vitskap, teknikk og institusjonar. Formålsparagrafen framhevar at dei kristne grunnverdiane, den nasjonale kulturen vår og dei demokratiske ideane er særskilt viktige verdiar å formidle til alle elevane. Vidare framhevar formålsparagrafen vitskapleg tenkje- og arbeidsmåte. Skolen skal også fremje menneskeleg likeverd og jamstelling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar. Desse verdiholdningane er bl.a. baserte på kunnskapen om at skolen gjennom sin påverknad på elevane også påverkar den vanlege utviklinga i samfunnet. Når ein skal velje lære- og arbeidsstoff og arbeidsmåtar i skolen og når det gjeld ordninga av skolen og skolesamfunnet elles, må ein derfor også ta utgangspunkt i korleis vi ønskjer å leve, og korleis vi vil at samfunnet skal vere ordna i framtida. Verksemda til skolen må vere basert på vurderingar om det er tendensar i tida som skolen bør vere med å styrkje, og om det er tendensar som skolen bør hjelpe til med å motverke. Derfor er spørsmålet om mål og middel i skolen også eit samfunnsspørsmål som høyrer til i ein vid samanheng. Formålsparagrafen handlar i stor utstrekning om korleis ein skal førebu seg til livet og verksemda etter at skolen er slutt. Men den vidaregåande skolen skal også leggje vinn på å skape eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom alle som er knytte til han, både elevar, lærarar og anna personale (§ 15 i lova). Det er også eitt av måla for skolen å gje kvar elev ei meiningsfylt og triveleg skoletid. 1.3. Førebuing for yrke All opplæring og undervisning i den vidaregåande skolen er for så vidt eit ledd i ei yrkesutdanning. Det gjeld også dei allmenne faga. Men det store fleirtalet av studieretningar har yrkesutdanning som hovudoppgåve. Også estetisk studieretning og studieretning for idrettsfag skal gje ei opplæring på sine spesielle område som kan tene som yrkesutdanning. Ei viktig oppgåve for den vidaregåande skolen vil vere å føre vidare dei tradisjonane som er utvikla i dei ulike yrkesutdannande skolane, men skolen skal også tilby opplæring til yrkesgrupper som tidlegare ikkje har hatt utdanningstilbod i skoleverket. Dessutan bør skolen på sine fagområde tilby ajourføringskurs etter behov. I dei 1-årige grunnkursa vil yrkesopplæringa ta det meste av undervisningstida. Dei 2-årige grunnkursa skal på to år gje ei yrkesopplæring av same omfang og føre fram til same nivå og kompetanse. I grunnkursa i dei yrkesfaglege studieretningane skal elevane få ei grunnleggjande yrkesopplæring. Opplæringa må gje eit godt startgrunnlag i yrkeslivet og må derfor i stor utstrekning vere retta mot konkrete oppgåver som elevane vil møte på arbeidsplassan
Skann 10 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 8». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/10/