SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 6 skann 8

6 2. Fagplanar for felles allmenne fag Denne delen omfattar dei felles, allmenne faga i 1-årige og 2-årige grunnkurs i alle studieretningar. I dei tilfella der ein har sett det for nødvendig, er det laga ulike fagplanar for ulike studieretningar. Bindet inneheld også ein del fagplanar for vidaregåande kurs (3. årssteget). Dei sistnemnde planane vil i første rekkje bli brukte i studieretning for allmenne fag. 3. Fagplanar for studieretningsfag Del 3 er sett saman av eigne hefte eller band for kvar studieretning. Innanfor studieretninga for handverks- og industrifag vil det bli gjeve ut eigne hefte for ein del linjer. I første omgang vil del 3 omfatte fagplanar for desse studieretningane: 3A Studieretning for allmenne fag 3B Studieretning for husflidsfag og estetiske fag 3D Studieretning for handels- og kontorfag 3E Studieretning for hushaldsfag 3F Studieretning for handverks- og industrifag 3G Studieretning for idrettsfag I tillegg til desse studieretningane vil den vidaregåande skolen også omfatte studieretning for fiske og sjøfart. Kyrkje- og undervisningsdepartementet tek sikte på å leggje fram for Stortinget ei melding om maritim og teknisk utdanning. Inntil denne meldinga er behandla av Stortinget og det eventuelt er utarbeidd nye fagplanar, bruker ein i dei maritime skolane og i dei tekniske fagskolane dei fagplanar som har vore brukte til no. Også utdanning for helse- og sosialarbeid er under vurdering på same måten. 4. Fagplanar for valfag Ein del av fagplanane i denne læreplanen byggjer på planar som har vore brukte under forsøk med reformgymnas og 2-årig (kombinert) grunnkurs sidan 1968 og 1969. Bortsett frå nokre få gjeld det fagplanane i del 2, 3A og 4. Resten av planane byggjer på planar som har vore brukte i kortare eller lengre tid i ulike yrkesskolar. Ein del av desse planane er til dels ganske omfattande reviderte på grunnlag av røynsler med tidlegare planar. Arbeidet med fagplanane gjekk for seg fram til og med hausten 1974, dels under leiing av Forsøksrådet, dels under leiing av dei sakkunnige råda for vidaregåande skoleslag. Når det gjeld ein del av yrkesfaga, har læreplanarbeidet vore eit samarbeid mellom Forsøksrådet og rådet for vedkomande skoleslag.' Alle framlegga til fagplanar og del 1 har vore lagde fram for skolar, fylkesskolestyre, lærarorganisasjonar og andre til fråsegn på vanleg måte. Deretter har det mellombels Rådet for vidaregåande opplæring hatt ansvaret for det vidare arbeidet med læreplanen. Det blir elles gjort meir detaljert greie for læreplanverket i del 2, 3 og 4. Det vil etter kvart også bli utarbeidd planar for fleire yrkesretta valfag. Oslo, mars 1976 Kyrkje- og undervisningsdepartementet
Skann 8 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 6». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/8/