SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 5 skann 7

5 FORORD Læreplanverket for den vidaregåande skolen Læreplanverket for den vidaregåande skolen skal omfatte all undervisning som går inn under lova om vidaregåande opplæring. Det vil måtte innehalde ei rekkje bind. Dei vil bli supplerte og justerte etter kvart som det blir utvikla nye fagtilbod, og etter kvart som det pedagogiske arbeidet går fram. Læreplanverket blir innleidd med ein generell del. Grunnlagsmaterialet for denne delen er gjeve av Forsøksrådet for skoleverket, som i september 1973 leverte eit eige hefte, Læreplan for gymnaset. 1 Generell del. Dette heftet vart sendt alle interesserte organisasjonar og skolar til fråsegn. Hovudtankane i heftet og dei fråsegnene som kom, vart vurderte av det mellombels Rådet for vidaregåande opplæring og Kyrkje- og undervisnings departementet i St.meld. nr. 44 (1974-75) om vidaregåande opplæring, og drøfta av Stortinget i Innst. S. nr. 395 (1974-75) og i debatten 5. juni 1975, attgjeven i Forhandlinger i Stortinget nr. 60 f. På dette grunnlaget er den utgåva som no ligg føre, vorten til etter tilråding frå det mellombels Rådet for vidaregåande opplæring desember 1975. Den generelle delen av læreplanverket trekkjer opp felles retningslinjer for utviklinga av den vidaregåande opplæringa. Denne delen gjev eit program som skal vere retningsgjevande for arbeidet i åra framover. Kor langt ein i skolane til kvar tid kan nå i retning av å kunne oppfylle intensjonane, vil vere avhengig av dei samla ressursane som ein kan setje inn, av forhold som varierer lokalt, og av andre faktorar som til saman utgjer rammevilkår for arbeidet. Fagkrinsen i dei ulike kursa i den vidaregåande skolen kan vere sett saman av tre grupper av fag: 1. felles allmennfag 2. studieretningsfag 3. valfag Læreplan for vidaregåande opplæring har fire delar: 1. Generell del Ved sida av ei nærmare tolking og utdjuping av formålsparagrafen (§2) i lov om vidaregåande opplæring inneheld denne delen ei generell utgreiing om skoleordninga og om innhaldet og arbeidsmåtane i skolen.
Skann 7 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 5». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/7/