SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 54 skann 56

54 for individuell rådgjeving, både når det gjeld kva for linje og fag ein vidare skal velje, og når det gjeld vidare opplæringstilbod i arbeidslivet og i andre skolar. Skolen bør også kunne syte for hjelp til elevar som har problem med å finne seg til rette i arbeidslivet etter at skolegangen er avslutta. I velferdsarbeidet innanfor den enkelte skolen er målet å skape trivsel for alle som høyrer til skolesamfunnet. Særleg ved store skolar der ein stor del av elevane har skoleskyss eller må bu borte frå heimen under skolegangen, vil det vere behov for ei eiga velferdsteneste. Elevar som følgjer skoleskyss, har vanlegvis små sjansar for sosialt samvær med medelevane sine utover skoletida. Ein må da arbeide for at alle elevar, uavhengig av bustad i forhold til skolen, får mest mogeleg likt høve til å vere med i sosiale aktivitetar, organisasjonar og lag knytte til skolen. 1 denne samanhengen vil bla. skyssordning, organiseringa av skoleåret og skoledagen og kantineordninga ved skolen kunne vere naturlege ansvarsområde for ein velferds- og kontaktlærar. Saman med dei andre partane i skolesamfunnet må denne læraren arbeide for å utvikle eit skolemiljø der elevane aktivt kan vere med gjennom medbestemming, og hjelpe til med å definere dei områda der dette kan skje. Han skal i det heile vere med på å finne tenlege organisatoriske løysingar på dei ulike samarbeidsfelta innanfor skolesamfunnet og hjelpe elevorgana i deira arbeid. Skolen skal hjelpe den enkelte eleven til å meistre nye situasjonar på best mogeleg måte ut frå dei føresetnadene han har. Den personlege rådgjevingstenesta ved skolen må prøve å leggje forholda til rette for at elevane kan realisere seg sjølve, utvikle sjølvstende og ei aktiv holdning til dei oppgåvene dei står overfor. Elevane vil ha behov for hjelp til sosial tilpassing og til å løyse problem som oppstår i forhold til medelevar, lærarar, administrasjon og føresette. I arbeidet sitt må rådgjevaren prøve å etablere eit godt samarbeid slik at elevar og føresette får best mogeleg informasjon om den vidaregåande skolen. Rådgjevingstenesta bør ha særskilt auge for ei best mogeleg integrering av dei funksjonshemma i skolesamfunnet. Skolen må derfor skaffe seg kjennskap til føresetnadene hos dei enkelte elevane, fysisk, psykisk og sosialt, og hjelpe elevane til å få innsikt i sine eigne føresetnader og dei opplæringstilboda dei kan få. Rådgjevaren skal ikkje sjølv gje behandling, men han skal vurdere behov for særlege hjelpetiltak og medverke til spesialpedagogiske og sosialpedagogiske tiltak for dei elevane som har behov for det. Når det gjeld den sosiale funksjonsoppbygginga hos elevar med funksjonshemmingar, kan det også bli behov for hjelpetiltak som verna bustadog fritidstilbod, individuelle økonomiske ordningar 0.1. Slike tiltak vil vere ei sterk utfordring til velferdstenesta i den vidaregåande skolen. Det er ein viktig føresetnad for spesialpedagogiske tiltak at ein planlegg og gjennomfører undervisninga og støttetiltaka ut frå ei heilskapsvurdering av behova og føresetnadene til elevane. Den rådgjevingstenesta
Skann 56 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 54». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/56/