SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 53 skann 55

53 9. SOSIALPEDAGOGISKE TILTAK På kvar skole må det vere eit sentralt mål å arbeide for eit sosialt og kulturelt fellesskap. Skolen må vere organisert slik at alle får mest mogeleg likt tilgjenge til å ta del i sosiale aktivitetar og å utvikle sosiale evner. På skolen må elevane få oppleve sosial jamstelling utan omsyn til kva for bakgrunn dei har. Den vidaregåande skolen er open for all ungdom. I elevgruppene må ein derfor rekne med store skilnader i evner og interesser. Elevar som på grunn av ulike studieval ville gått på forskjellige skolar tidlegare, vil no i større grad kome til å gå på same skolen. Funksjonshemma vil oftare enn før bli elevar på vanlege skolar. Og som før må mange elevar bruke skoleskyss, og ein del elevar må bu utanfor heimen anten i private heimar eller på internat. For at ein så ueinsarta elevflokk skal få oppleve eit sosialt og kulturelt fellesskap, må skolen stø opp med hjelp, råd og stimulering for dei gruppene av elevar som treng det. Elevane skal sjølve velje studieretning, linje og valfag. For at retten til å velje skal bli så reell som råd, er det viktig at elevane og dei føresette får grundig orientering om det faglege innhald i kvar studieretning og om den kompetansen dei ymse utdanningstilboda gjev. Skal den vidaregåande skolen bli ein god skole for alle, må det leggjast stor vekt på at kvar enkelt skal trivast. Det må ein ha som ei rettesnor i det faglege arbeidet. Men like viktig er det at skolen i og utanom den organiserte undervisningstida set i verk tiltak som kan fremje trivselen på skolen, gjerne i samband med lokalmiljøet utanom skolen. Lærarane må sjølvsagt ta mest mogeleg omsyn til og ha som retningslinje i arbeidet sitt at kvar elev får oppleve eit sosialt og kulturelt fellesskap, trivsel og eit mest mogeleg reelt val av utdanningsveg og fag. Det er ein del av oppgåva kvar lærar har, å gje råd til enkeltelevar og foreldre/ føresette. Ei best mogeleg orientering til elevane på førehand er ein viktig føresetnad for kva den enkelte vil velje av studieretning, linje og fag. Det er derfor viktig at dei vidaregåande skolane i regionen samarbeider både med fylkesarbeidskontoret og med grunnskolen i spørsmål som gjeld yrkesorientering og yrkesrettleiing. Innanfor den enkelte vidaregåande skolen vil det igjen bli eit stort behov
Skann 55 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 53». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/55/