SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 55 skann 57

og hjelpa som elevane har behov for i tilknyting til fagval og ulike læringsproblem og sosiale problem, bør i så stor grad som mogeleg vere ein integrert del av den totale verksemda ved skolen. For ein del av elevane, særleg dei med store eller samansette funksjonshemmingar, vil det ofte vere nødvendig med eit nært samarbeid mellom skoleverket, helsestellet, trygde- og attføringsorgan og arbeidskraftstyresmaktene i fylket. Dersom ein skal kunne nå dei måla som her er trekte opp i store linjer, vil det bli behov for eit vidt samarbeid mellom alle som har virket sitt i den enkelte skolen, og dessutan eit samarbeid skolane imellom, og samarbeid mellom skolen, lokalsamfunnet og arbeidslivet i regionen. Alle lærarane vil ha rådgjevings- og rettleiingsoppgåver som ein naturleg del av sitt daglege arbeid i skolen. Dei meir omfattande og vanskelege oppgåvene kan ein likevel ikkje krevje at den enkelte læraren vil kunne løyse ved sida av dei andre pliktene som er lagde til ei lærarstilling. Dessutan kan det tenkjast at enkelte elevar ønskjer å drøfte problema sine med ein annan person enn sin eigen lærar. Det er derfor nødvendig at eigne rådgjevarar tek seg av den meir omfattande rådgjevinga ved ein skole. Rådgjevingsfunksjonane ved den enkelte skolen må leggjast til rette i samsvar med behova i dei ulike studieretningane som er lagde til skolen. Til vanleg vil ein kunne leggje dei sosialpedagogiske tenestene til ei eller fleire lærarstillingar. Den eller dei som får særlege rådgjevingsfunksjonar, skal vere til hjelp for elevane, og skal saman med rektor og resten av personalet ved skolen arbeide med å løyse dei sosialpedagogiske oppgåvene ved skolen. Alle som utfører rådgjevingsfunksjonar i skolen, må kome inn under dei vanlege reglane for teieplikt. Behovet for sosialpedagogiske tiltak vil naturleg nok variere frå skole til skole. Ordninga av dei sosialpedagogiske tiltaka som kjem inn under rammetimetalet for den enkelte skolen, blir fastsett av skoleutvalet.
Skann 57 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 55». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/57/