SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 52 skann 54

52 Karakterane 6 og 5: Eleven har synt at han forstår og har god innsikt i dei viktigaste delane av lærestoffet. Eleven har vist særlege evner til å løyse problem og oppgåver sjølvstendig, og vist at han har gode føresetnader for vidaregåande kurs og for å bruke det som er lært i konkrete livssituasjonar. Karakterane 4og 3: Eleven har vist at han forstår ein del og har ei viss innsikt i dei viktigaste delane av lærestoffet og/eller til ein viss grad har øvd opp grunnleggjande evner. Eleven har føresetnader for vidaregåande kurs og for til ein viss grad å bruke dei tileigna kunnskapane og oppøve evnene. Karakteren 2: Eleven har vist at han til ein viss grad forstår og har innsikt i ein del av lærestoffet og/eller har synt slike evner at han kan kome inn på vidaregåande kurs. Karakteren 1: Eleven har tileigna seg avgrensa innsikt og forståing i lære stoffet og synt så små evner at ein må rekne med at det ikkje let seg gjere for han å følgje med i eit vidaregåande kurs i faget. Karakteren 0: Eleven har ikkje hatt synleg utbyte av undervisninga. Ei slik tolking av krava til kvar karaktergrad forer til at ein i ein viss monn bør vurdere kva for sjansar elevane har for å klare seg i det/dei vidaregåande kursa i faget. Når karakterane 0 og 1 skal setjast, bør det skje i samråd med andre lærarar som har faget på skolen. I somme fag, i første rekkje tradisjonelt munnlege fag, men også til dels i arbeidsteknikk, blir det til vanleg gjeve få låge karakterar. I skriftlege fag har derimot 3 og 4 i storre grad vore brukte for middels prestasjonar og standpunkt. Som ein rettleiande landsnorm for fag det blir halde landsomfattande eksamenar i, bør ein bruke fordelinga: Landsnorma gjeld berre for eit storre elevtal og kan ikkje brukast beinveges i den enkelte klassen og skolen. I andre fag vil det som for vere naturleg med ei overvekt av høgre karakterar. Når ein skal gjere krava til dei ymse karaktergradane mest mogeleg einsarta, vil offentleg statistikk over standpunkt- og eksamenskarakterar gjevne på landsbasis vere til hjelp. Ein viser elles til føresegner for eksamen, karakterar og vitnemål. 8.4. Vitnemål og eksamen Reglar om kva for fag det skal gjevast karakterar i, og kor ofte det skal gjevast karakterar, og reglar om offentleg eksamen og vitnemål blir fastsette i "Forskrifter om karakterar, eksamen og vitnemål". 0, 1 og 2 3 og 4 5 og 6 20% 607 207 c
Skann 54 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 52». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/54/