SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 51 skann 53

51 prøving kan i større grupper verke passiviserande på elevane og er vel best eigna for små grupper. Skriftlege prøver kan vere laga på ymse måtar alt etter det formålet prøva har. Når formålet er å få eit inntrykk av kva for evne elevane har til å ordne stoff og til å argumentere sakleg, vil det vere ønskjeleg med prøver som opnar for fritt formulerte svar. På område der det er viktigare å gjenkjenne enn å gjenkalle, kan det i visse tilfelle vere formålstenleg med prøver med bundne svar. Ved slike prøver er det alltid fare for at ein oppmuntrar til å reprodusere detaljkunnskapar, og at andre viktige sider av faget ikkje får nok vekt. Praktiske prøver av ymse slag vil det vere behov for, t.d. i estetiske fag og yrkesfag. I mange tilfelle treng læraren å forsikre seg om at elevane har nådd eit visst dugleiksnivå før han går vidare i opplæringa. Ein kombinasjon av praktisk og munnleg prøve vil ofte gje ein prøvesituasjon som gjer det lettare å vurdere både evne og innsikt. 8.3. Karaktersetjing Karaktersetjing er den vanlege måten å gje uttrykk for det faglege standpunktet til elevane på. Vurderinga i grunnskolen og den vidaregåande skolen er for tida til utgreiing i eit eige utval. Av den grunn vil ein førebels byggje på dei vurderingsformene som har vore brukte i vidaregåande skolar. I dei fleste skoleslaga for aldersgruppa 16-19 år har ein dei siste åra gått over til å bruke talkarakterar der karakterskalaen går frå 0 til og med 6, med 6 som beste karakter. Inntil vidare skal ein også bruke denne skalaen i den vidaregåande skolen. Kvar fagplan er laga som ein rammeplan. Det gjer at kvar lærar og elev vel pensumet sitt innanfor denne ramma utan endeleg å måtte fylle den. Det vil sjølvsagt vere mogeleg berre for svært få, særleg dyktige elevar å få med alle emna med stor fordjuping. For andre vil det, alt etter evner og faglege føresetnader, vere naturleg å samle seg om nokre færre emne og med mindre fordjuping. Når kvar elev vel sitt pensum, må det primære utgangspunktet vere å finne fram til arbeidsstoff og arbeidsoppgåver som er avpassa til evnene og interessene hans. Ein kan kort seie at karakterane må gjevast ut frå ei vurdering av korleis og i kor stor grad kvar elev har makta å nå dei måla som er sette opp for arbeidet med eit fag. Ein elev som har tileigna seg alt det viktige av lærestoffet og øvd opp evnene slik det er ønskjeleg, og som samtidig har vist han kan å arbeide sjølvstendig og effektivt, bør få beste karakter. Ein elev som ikkje har tileigna seg noko av det lærestoffet, dei arbeidsmåtane, og øvd opp dei evnene ein meiner er relevante for faget, og som samtidig har vist at han ikkje kan arbeide sjølvstendig, bør få dårlegaste karakter. Krava til kvar karaktergrad må setjast slik at han gjev eit tolleg eintydig uttrykk for korleis og i kor stor grad den enkelte har tileigna seg dei kunnskapane og den dugleiken faget krev. Dei enkelte karaktergradane bør få om lag dette innhaldet:
Skann 53 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 51». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/53/