SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 50 skann 52

50 av nettopp dei personlegdomsdraga ein ønskjer å fremje hos elevane, t.d. å utvikle evna til samarbeid og medansvar og vørnaden for likeverd og rett. Av di sjølve vurderinga har ein tendens til å endre skolearbeidet slik at ein legg meir vekt på det som kan målast, er det viktig å setje inn eit målmedvite arbeid for å motverke denne tendensen. Det kan ein dels gjere ved å bruke prøveformer som krev resonnement, innsikt og evne til å arbeide og halde ut. Når læraren vil fjerne nokre av dei uheldige attåtverknadene vurderinga har, er det likevel viktigast å byggje på dei røynslene han har med ulike vurderingsformer. Den enkelte læraren og den enkelte skolen må også få støtte i dette arbeidet. Det trengst eit stadig arbeid for å finne fram til brukande vurderingsformer, for å klargjere måla innanfor faga, for å skaffe fram opplysningar om bruken og verknadene av ulike vurderingsmåtar og for å vurdere om ein når intensjonane i planane. I denne samanhengen er det også viktig å trekkje elevane inn i dei samarbeidstiltaka som skal gje retning og balanse i vurderingsarbeidet i skolen. 8.2. Vurderingsformer Ein må leggje vekt på at vurderinga i første rekkje skal vere til hjelp i arbeidet med å gje ei tilpassa undervisning til kvar elev. Vurderinga må derfor vere ein integrert del av undervisninga, og bør gje kvar elev ei stadig orientering om fagleg standpunkt og høve til korrektiv. På den måten kan elevane få den støtte og hjelp i arbeidet sitt som vurderinga bør gje. Skolen skal, innanfor dei rammene fagplanane set, tilpasse undervisninga til kvar elev. Det kan ikkje gjerast utan at læraren har god kjennskap til interessene, kunnskapane og evnene til elevane. Derfor er det viktig at han skaffar seg best mogelege opplysningar om nye elevar så snart han tek imot dei, t.d. ved enkle prøver. Det blir elles vanskeleg å planleggje undervisninga godt. I sjølve undervisninga kan ein på fleire vis få kjennskap til kunnskapane og arbeidsmåtane til elevane. Ein kan få opplysningar som vil vere til stor hjelp i den meir kortsiktige undervisningsplanlegginga, både gjennom samtale med elevane, ved å studere korleis dei greier å utnytte ulike typar hjelpemiddel, utføre ymse oppgåver og ved å sjå korleis kvar av dei oppfører seg i ein samarbeidssituasjon. Gjennom samtalar kan ein også få opplysningar om kva for syn elevane har på lærestoff, arbeidsmåtar og hjelpemiddel av ymse slag. Både skriftlege, munnlege og praktiske prøver har sin naturlege plass i opplæringa. Munnleg prøving kan ein ikkje vere forutan når ein vil kartleggje særlege munnlege evner hos elevane. Slik prøving kan gje læraren eit inntrykk av kva for evne elevane har til å skilje vesentleg frå uvesentleg og til å sjå ny kunnskap i forhold til det dei har lært tidlegare. Ein vil også kunne få eit godt bilete av den evna elevane har til å tolke og analysere. Munnleg
Skann 52 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 50». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/52/