SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 49 skann 51

49 8. VURDERING 8.1. Pedagogisk vurdering I skolen, som elles i samfunnet, er det behov for støtt å vurdere det arbeidet ein gjer. I denne vurderinga må ein ta med all verksemd i skolen. På alle nivå i skoleverket er det svært viktig at ein vurderer grundig om det arbeidet ein gjer, er i samsvar med dei måla som er sette opp, om dei arbeidsordningane ein har valt å bruke, er dei beste, og kva som i tilfelle kan gjerast for å betre dei. Hovudoppgåva til skolen er å fremje utviklinga hos kvar elev. Vurderinga av arbeidet og framgangen til kvar elev må derfor også stå sentralt. Ein kan kort seie at formålet med vurderinga i den vidaregåande skolen er tosidig. Vurderinga skal på eine sida gje grunnlag for å vurdere korleis undervisninga fungerer som eit heile. På den andre sida skal ho gje kvar elev, hans føresette og dei som skal ta imot eleven i arbeidslivet eller i vidaregåande utdanning, eit bilete av kvar han står i forhold til dei måla som er sette opp for arbeidet i skolen. I dette kapitlet vil ein særleg ta for seg vurderinga av det arbeidet elevane gjer. All vurdering i skolen må ta utgangspunktet i ein analyse av dei allmenne måla for skolen og dei meir spesielle faglege måla. Oppgåva er å vurdere samsvaret mellom desse måla og dei faglege prestasjonane til kvar elev. Vurderinga må ha ei slik form at ho ikkje skiplar arbeidet med å realisere måla. Målet for undervisninga vil i store drag vere fastlagt i læreplanen og fagplanane. Fagplanane er rettleiande. Kvar lærar og elevgruppe vil til ein viss grad sjølv kunne definere måla sine for arbeidet med faget. Vurderings formene bør vere slik at dei ikkje hindrar det. Det er ofte freistande å identifisere målet for arbeidet i eit fag med å lære eit visst fagstoff eller ei bestemt øvingsrekkje. Hovudvekta i vurderinga blir lett lagd på dei sidene ved faget som er enkle å måle. Det vil lett skyve arbeidet for mykje i retning av å lære detaljkunnskapar og enkle øvingar. Det er vanskelegare å vurdere dei evnene elevane har til å studere, utvikle samarbeid, planleggje og gjennomføre større arbeidsoppgåver og til å dømme kritisk. Derfor vil slike sider ved faget lett få ein mindre framståande plass i skolen enn dei skulle og burde ha. Det er vanskeleg å unngå at ei formell vurdering får uheldig innverknad på framvoksteren
Skann 51 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 49». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/51/