SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 48 skann 50

støtteopplæring på skolen. Også i dei obligatoriske faga vil det vere av verdi å få utvikla opplegg der t.d. dei flinkaste elevane kan arbeide seg gjennom stoffet anten på eiga hand eller i samarbeid med medelevane. På den måten vil læraren få meir tid til å gje individuell hjelp til dei svakaste. Det er derfor også verdifullt å få utvikla hjelpemiddel som er baserte pa at elevane samarbeider og hjelper kvarandre. 7.5. Effektiv bruk av hjelpemidla Læraren som skal organisere undervisninga, bør ha god oversikt over dei hjelpemidla som finst på skolen. Utan ei slik oversikt blir resultatet at ein bruker for lite dei hjelpemidla ein har. Derfor må ein på kvar skole stadig registrere dei hjelpemidla som finst på skolen. Med visse mellomrom bør kvar skole analysere dei hjelpemidla som finst ved skolen, og i kor stor grad ein bruker dei. Ut frå dette kan ein prøve å finne fram til ein betre bruk av dei og til behovet for å fornye dei
Skann 50 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 48». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/50/