SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 47 skann 49

47 for liten grad tek utgangspunkt i førestellingsverda til elevane. I stor grad bør elevane få høve til å lære gjennom praktiske aktivitetar av ulike slag. I kunnskapsformidlinga er det ikkje nok med rein informasjon. Hjelpemidla må ikkje einsidig satse på å formidle detaljkunnskapar. Enkeltkunnskapane må setjast inn i ein samanheng dersom dei skal ha nokon verdi. Framstillinga av eit stoff bør vere slik at ho gjev grunnlag for ei djupare forståing hos eleven. Det er også viktig at ein gjer det mogeleg å samanlikne utover - både mot førestellingsverda til elevane og mot andre fagområde. Lærestoffet kan bli meir meiningsfylt for elevane dersom ein legg vekt på den praktiske bruken ein kan ha av kunnskapane. 7.3. Hjelpemiddel som grunnlag for å bruke varierte arbeids- måtar Varierte arbeidsmåtar er ønskjelege av fleire grunnar: Elevane skal gjennom skolegangen tileigne seg dugleik av ulike slag. Den ulike dugleiken krev ulike måtar å lære på. Dersom ein t.d. skal tileigne seg studieteknisk dugleik, kan ein vanskeleg gjere det berre ved å gå gjennom stoffet teoretisk. Dersom ein elev skal lære studieteknikk så godt at det blir til reell hjelp, må ein leggje opp til læringssituasjonar der ein kan bruke denne teknikken. I den vidaregåande skolen må ein rekne med at den gruppa elevar som ein lærar skal ha ansvaret for, er svært forskjellig når det gjeld faglege interesser og evner. Dersom det skal vere mogeleg for læraren å gje desse eit differensiert og avpassa undervisningsopplegg, er det viktig at han får hjelpemiddel som lettar differensieringa. Kvar elev må i større grad rekne med å arbeide på eiga hand. Også reint innlæringspsykologisk er det ein fordel å variere arbeidsmåten. Få er i stand til å tileigne seg nye kunnskapar berre ved å ta mot informasjon passivt. Ved eit meir aktivt elevengasjement vil læringa bli betre. Hjelpemidla må fremje ei slik aktiv læring. Aktiviseringa må ikkje vere basert på at ein satsar på mekaniske drilløvingar slik ein har sett i enkelte læringsprogram, men heller vere basert på problem som set på prøve evna hos elevane til å trekkje slutningar og til å vurdere. 7.4. Hjelpemiddel som grunnlag for meir sjølvstendig arbeid Eit sentralt krav til skolen er at han skal vere med på å gjere elevane til sjølvstendige menneske. Dersom ein skal oppnå dette, må ein leggje undervisninga opp slik at ein blir meir uavhengig av at læraren stadig styrer undervisninga. Med dei hjelpemidla som finst i dag, er det vanskeleg for læraren å trekkje inn individuelt og elevstyrt arbeid i den organiserte undervisninga. For at elevar ved små skolar skal ha like gode valtilbod som elevar ved større skolar, bør ein kunne leggje til rette studieopplegg (t.d. brevkurs) som eignar seg for individuelt arbeid, for gruppearbeid eller for opplegg der det sjølvstendige arbeidet blir komplettert med noko
Skann 49 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 47». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/49/