SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 46 skann 48

46 7. HJELPEMIDDEL 7.1. Funksjonen til hjelpemidla Ei vesentleg oppgåve i all læring er å gje elevane informasjon. Dette er viktig både fordi ein treng kunnskap for å få innsikt og forstå, og for å lære dugleikar. Dersom dette informasjonsarbeidet skal vere effektivt, er det behov for hjelpemiddel av ulike slag. I alle fagplanane er det lagt stor vekt på at ein skal trekkje arbeidsmåten inn som eit sentralt middel i arbeidet med å nå målet for skolen. Det må vere ein føresetnad at dei hjelpemidla ein bruker, ikkje hindrar, men tvert imot lettar dette arbeidet Hjelpemidla må derfor både danne grunnlaget for ei effektiv kunnskapstileigning og gjere det lettare å bruke meir varierte arbeidsmåtar. I studieretningar som gjev yrkesopplæring, bør maskinar, reiskap og utstyr vere i samsvar med det elevane kan vente å møte i arbeidslivet. Eit sentralt krav til det arbeidet som skal gå for seg i skolen, er at elevane skal kunne arbeide meir sjølvstendig. Det er derfor ei oppgåve å få utvikla hjelpemiddel som eignar seg t.d. for individuelt arbeid. 7.2. Hjelpemidla som grunnlag for meir effektiv kunnskaps- læring Når læraren skal formidle informasjon, står han i ein vanskeleg valsituasjon. Alltid vil desse spørsmåla melde seg: Kva for informasjonar skal eg gje? På kva for måte? Det første spørsmålet er vorte større etter som informasjonsflaumen har auka. Ulike hjelpemiddel kan kome læraren til hjelp, og ikkje alltid vil læraren ha tid til å tenkje over kva han skal velje av relevante informasjonar i dei ulike valsituasjonane. Det ligg sjølvsagt ein fare i at det ein vel ut av informasjonar gjennom dei hjelpemidla ein bruker, ikkje er godt - ein har t.d. valt for einsidig. Det er derfor viktig at læraren oppmuntrar elevane sine til sjølv å vurdere dette og eventuelt søkje etter korrigerande informasjon. Når det gjeld spørsmålet om korleis ein skal gje informasjonen, er det lite å velje mellom for læraren utan at han bruker slike hjelpemiddel. Reint generelt kan ein vel seie at det er ønskjeleg å bruke varierte framstillingsformer. Det er ein fare for at framstillinga blir for abstrakt og i
Skann 48 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 46». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/48/