SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 45 skann 47

kursjonar 0.1. i eit fag går for seg innanfor den totale tidsramma som er fastsett for faget i fag- og timefordelingsplanen. 6.12. Abstrakt—konkret undervisning I mange fag har undervisninga vore basert på å lese læreboker. Denne læringsforma favoriserer dei elevane som er flinke til å lese, som har evna til å tenkje abstrakt og som meistrar den terminologien lærebøkene bruker. Mange elevgrupper vil få unødvendige vanskar dersom ein for einsidig baserer undervisninga på å lese lærebøker. Ei konkret og livsnær opplæring bør dessutan vere eit mål for alle typar elevar. I mange tilfelle vil det vere verdifullt med ein læringssituasjon der elevane kan få innsikt og abstraksjon på grunnlag av eigne observasjonar og røynsler i tilknyting til praktiske øvingar og praktisk arbeid. Elevane vil lettare tileigne seg kunnskap og dugleik dersom innlæringa får ei konkret og livsnær form. Når ein planlegg undervisninga, bør ein derfor meir enn før trekkje sider ved samfunnet utanfor skolen direkte inn i undervisninga. Ein bør bruke ekskursjon og studiebesøk der det er naturleg. Ulike forhold i nærmiljøet bør i det heile i større grad vere utgangspunktet for meir inngåande studium på skolen. For ein del elevar kan samfunnet utanfor skolen i mange tilfelle bli den beste skolen. Utplassering i arbeidslivet over ein noko lengre periode kan vere aktuelt for mange. For funksjonshemma elevar kan ei slik utplassering også ha diagnostisk verdi ettersom dei på denne måten kan få greie på kva dei har føresetnader for, slik at ein kan finne fram til meir eigna undervisningsopplegg for den enkelte. B«Euor£K£|"
Skann 47 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 45». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/47/