SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 44 skann 46

44 stille somme elevar friare når det gjeld å velje emne. Ein kan danne seminargrupper (mindre enn ein vanleg klasse) der elevane ein del av tida arbeider sjølvstendig med felles emne eller individuelle emne - eller ein kan leggje opp til større individuelle program. Kvar skole kan også auke valtilboda for elevane ved å la enkelte elevar arbeide seg gjennom fagopplegg anten sjølvstendig eller med støtte av læraren eller medelevane, t.d. i brevkurs. I slike tilfelle kan oppgåva til læraren vere å hjelpe til med råd og ha ein viss kontroll med at planane blir følgde. Læraren si rolle ved individuelt arbeid blir først og fremst dei same som under gruppearbeid: Han skal i samarbeid med elevane finne fram til høvelege arbeidsoppgåver, hjelpe og rettleie elevane under arbeidet og vurdere det arbeidet dei gjer. Det er viktig at læraren får elevane til sjølve å vurdere det arbeidet dei gjer, slik at dei dermed lettare kan finne fram til betre og meir effektive arbeidsmåtar. 6.10. Periodeundervisning Sjølv om fag- og timefordelingsplanen er sett opp med eit bestemt timetal for veka, er det ikkje dermed sagt at ein må følgje denne slavisk. Hovudsaka må vere at den samla undervisningstida på eit skoleår blir delt på faga i same forhold som i time- og fagfordelingsplanen. For at ein ikkje skal splitte faga for mykje opp, kan ein bruke periodeundervisning. Dett n kan vere særleg aktuelt i fag der stoffet er slik at det ikkje er nødvendig med stadig undervisning, t.d. i religion, i små valfag innanfor samfunnsfaga og realfaga, men kanskje særleg i dei estetiske faga. Ved at elevane får færre fag å konsentrere seg om samtidig, vil dei ha større sjanse for å fordjupe seg. Dette vil for dei fleste gje ein betre undervisningssituasjon. Ei sterkare samling av undervisningstida vil verke i same retninga. Særleg kan det vere ønskjeleg å bruke dobbelttimar (tredobbelttimar) i noko større grad i samfunnsfag og estetiske fag. I enkelte yrkesfag kan det vere formålstenleg med ei lengre samla undervisningstid. Ein kan bl.a. i dei 2-årige grunnkursa tenkje seg undervisninga i yrkesfag delt på ulike måtar. På ein del linjer vil truleg periodar med konsentrert yrkesopplæring (t.d. fire veker) vere godt eigna. På andre linjer kan det vere betre med kortare økter yrkesfag kvar dag eller nokre dagar kvar veke, t.d. tre timar for dagen. Ein bør i det heile ikkje vere for mykje bunden av ein bestemt måte å organisere skoleåret på. 6.11. Ekskursjonar 0.1. I ein del fag, t.d. samfunnsfag og naturfag, vil det vere behov for å bruke ein del av undervisningstida til å besøkje institusjonar og bedrifter og andre former for ekskursjonar. Også dette kan tale for at ein ikkje følgjer fag- og timefordelinga slavisk frå veke til veke. Ein bør planleggje ekskursjonar 0.1. for ein lengre periode, t.d. eit skoleår. Det er ein føresetnad at eks-
Skann 46 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 44». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/46/