SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 43 skann 45

43 Klassen i tradisjonell meining har tydelege sosiale fordelar. Blant anna kan kvar elev gjennom klassen oppleve ei kjensle av solidaritet innanfor ei større gruppe elevar. Klassen vil derfor ofte vere ei eigna eining for å stimulere til felles ansvar og solidaritetskjensle. Føresetnaden for at det skal lykkast, er at det er mogeleg for elevane i klassen å få god kontakt. Gruppearbeid vil vere aktuelt når elevar skal samarbeide med kvarandre. Innanfor denne organisasjonsforma er det mest vanleg at elevane samarbeider om å drøfte eller løyse eit problem. Rolla til læraren blir særleg å setje arbeidet i gang og å rettleie undervegs. I den vidaregåande skolen vil noko mindre elevgrupper truleg bli ei forholdsvis vanleg organisasjonsform. Særleg gjeld dette i studieretningsfaga og valfaga. Det vil vere av stor verdi for den sosiale utviklinga til elevane at dei får arbeide i mindre grupper. Dei lærer seg derved i samarbeid til å ta på seg ansvaret for si eiga læring og for læringa til medelevane. Dei kan også lære arbeidsformer som det er nyttig å kjenne til når dei t.d. er med i organisasjonslivet. Gjennom gruppearbeid vil elevane bli konfronterte med ulik åtferd og ulike meiningar. På den måten blir dei tvinga til å sjå seg sjølv i forhold til andre. Dermed kan det bli lagt eit grunnlag for ei åtferd som er basert på gjensidig tillit, solidaritet og innleving. I undervisningsplanlegginga bør ein arbeide for og oppmuntre til at elevane tileignar seg kunnskap ved at dei samarbeider om å løyse problem. Ein bør også organisatorisk leggje forholda til rette for gruppearbeid ved å setje av timar til dette og ved ikkje å splitte timeplanen for mykje opp. 6.9. Individuelt arbeid Skolen skal hjelpe kvar elev til å realisere sine evner. Elevane må derfor i stor grad få arbeide med individuelle oppgåver. Individuelt arbeid er også nødvendig for å øve seg opp til sjølvstendig arbeid. Individuelt arbeid vil seie at eleven blir meir uavhengig av læraren når det gjeld å velje både lærestoff og arbeidsmåte. Eleven kan gjere individuelt arbeid når han er plassert i ei større gruppe der han får hjelp og rettleiing av læraren og medelevane, eller når han arbeider aleine - anten på skolen eller heime. I mange fag, t.d. yrkesfag og estetiske fag, er individuelt arbeid den vanlegaste arbeidsforma. Ein del av det individuelle arbeidet i meir teoretiske fag bør eleven gjere utanom den organiserte undervisningstida. Dei bør få ein del arbeidsoppgåver som eignar seg til sjølvstudium. For at elevane skal få fleire tilbod om å arbeide på eiga hand, bør ein kunne halde skolen open også utover ettermiddagen og på fridagar både klasseromma og biblioteket. Ved eit slikt sjølvstendig arbeid vil det i mange tilfelle vere ein stor fordel at elevane arbeider saman. Ein bør oppmuntre dei til det. Når det gjeld måten å organisere det individeulle arbeidet på, er det kanskje enklast å leggje det utanom den obligatoriske undervisningstida. Men ein må likevel trekkje det individuelle arbeidet inn i den organiserte undervisningstida, t.d. ved å gje enkelte elevar fri ein del av tida for å arbeide vidare med det lærestoffet ein tek for seg i klassen, eller ved å
Skann 45 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 43». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/45/