SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 42 skann 44

42 - Ved å trekkje stoff frå ulike fag inn i nye samanhengar blir elevane vane til å sja ei sak frå fleire synsvinklar. - Vesentlege mål for undervisninga vil vere knytte til det samla resultatet av undervisninga i eit kurs, og ikkje så mykje til det enkelte faget. 6.7. Samarbeidet lærar—elev Det er ei naturleg følgje av ønsket om meir elevengasjerande opplæring at elevane til ein viss grad blir trekte inn i planleggingsarbeidet. Elevane bør vere med å velje dei emna dei vil behandle, den rekkjefølgja ein bør behandle emna i i skoleåret, og til ein viss grad den tidsramma ein bør setje for behandlinga av dei ulike emna. Men i planleggingsarbeidet må ein trekkje inn tilgjengelege hjelpemiddel og føresetnadene hos elevane som avgrensande faktorar når det gjeld valfridommen. Læraren bør derfor ha ansvaret for å styre arbeidet - særleg i fag der innlæringa av bestemte kunnskapar og ein bestemt dugleik står sentralt. Når læraren analyserer lærestoffet i eit fag, vil han truleg finne at alle elevane må gjennom ein del av stoffet, og kanskje også at arbeidet med dette grunnpensumet bør skje på ein bestemt måte. Når det gjeld resten av pensumet, kan elevane få høve til å stå friare til å velje lærestoff og arbeidsmåte. 6.8. Organisasjonsformer Når ein skal planleggje undervisninga, er det viktig å vere klar over at arbeidsmåtar som eignar seg godt for ein type læring, ikkje eignar seg like godt for andre typar. På same måten er valet av hjelpemiddel eit spørsmål om kva for arbeidsmåtar ein vil bruke. Eit brukbart utgangspunkt for å planleggje ei kurseining er å analysere det lærestoffet ein skal gå gjennom ut frå denne synsvinkelen: 1. Kva for delar av dette lærestoffet er det nødvendig at læraren gjennomgår for elevane? 2. Kva for del av lærestoffet kan elevane arbeide saman om å gjennomgå? 3. Kva for delar av lærestoffet er det naturleg at elevane arbeider seg gjennom på eiga hand? Ved ei slik inndeling av arbeidsstoffet kan arbeidet gå for seg innanfor ulike organisasjonsformer. Klasse/storgruppeundervisning er aktuelt når ein skal presentere det same lærestoffet for ei stor gruppe. Dette skjer helst som foredrag, filmvising eller demonstrasjonar. Når klassen ikkje er for stor, vil læraren ved klasseundervisning ha gode sjansar for å halde seg orientert om kva elevane har gått gjennom og forstått. Men undervisninga har lett for å bli tilpassa gjennomsnittsnivået i klassen/storgruppa. Med den store spreiinga i evner og interesser som ein må rekne med i den vidaregåande skolen, kan det bli vanskeleg å møte kvar elev på det nivået han er.
Skann 44 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 42». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/44/