SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 41 skann 43

41 vurdering, tre særleg tydeleg fram. Om ein legg opp til ein problemorientert arbeidsmåte, tyder det sjølvsagt ikkje at ein skal oversjå detaljkunnskapar og fagleg dugleik. Ved ein slik arbeidsmåte blir innlæringa av kunnskapar og dugleik sett inn i ein meir meiningsfylt samanheng som kan gjere elevane meir motiverte. Læraren vil stå sentralt når ein skal velje arbeidsmåtar. Ein bør leggje forholda slik til rette at det blir godt mogeleg å bruke arbeidsmåtane variert. Læraren har ansvaret for å presentere valtilboda for elevane og oppmuntre til å variere arbeidsmåtane. Ein må arbeide intenst både på lokalt og sentralt hald for å skape føresetnader for at ein kan velje på ein slik måte. Utgangspunktet må vere at læraren og elevane saman får stå så pass fritt at det reelt er mogeleg for dei å velje arbeidsmåte. 6.4. Planlegging og samarbeid Dersom det skal bli mogeleg å få ein meir elevengasjerande arbeidsmåte innpassa i opplæringa, krev det ei grundig planlegging der både lærarane og elevane er med. Sjå elles 6.7. Samarbeidet lærar—elev. 6.5. Fagleg samarbeid 1 dei fleste faga vil det vere aktuelt at lærarane som underviser i det same faget, samarbeider nært. Ved dette samarbeidet kan lærarane hjelpe kvarandre til å kome fram til betre undervisningsopplegg, og ved lagarbeid kan dei lette arbeidet for kvarandre. I tilknyting til at ein legg fleire klassar parallelt i eit fag, kan faglærarane i fleire klassar arbeide saman om opplegget, og ved delvis omgruppering leggje forholda til rette for ei formålstenleg differensiering. 6.6. Tverrfagleg samarbeid I arbeidet med å finne fram til høvelege oppgåver for elevane vil ein ofte oppdage at faggrensene kan verke kunstige. Dersom det skal bli praktisk mogeleg å få i stand eit tverrfagleg samarbeid av eit visst omfang mellom lærarane, må ein ta omsyn til det når ein planlegg timeplanen. Lærarane må vere villige til og reint praktisk ha høve til å gå inn i eit samarbeid. Der som ein i ein viss grad skal behandle tverrfaglege emne, krev det også at årsplanen for kvar lærar blir lagd opp med dette for auge. Alt dette tyder på at ein må planleggje eit tverrfagleg samarbeid på lang sikt. Ein bør prioritere eit slikt arbeid sterkt, bla. av desse grunnane: Faggrensene vil ofte gjere det vanskeleg å undervise på ein måte som samsvarer med den røynda elevane møter utanfor skolen. Det er vanskelegare å tileigne seg isolerte kunnskapar enn kunnskapar som er plasserte i ein naturleg samaheng. Ved at ein set lærestoffet inn i ein større samanheng, oppnår ein at elevane blir meir interesserte i stoffet og oppmuntra til å arbeide vidare med det.
Skann 43 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 41». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/43/