SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 40 skann 42

40 elevane i stor grad kan kome fram til forståing og innsikt gjennom sjølvstendig arbeid. Ein må så langt råd er gjere elevane medansvarlege for sjølve skolearbeidet, men dei bør også kjenne eit ansvar for at dei andre elevane i klassen/gruppa får utbyte av og trivsel med skolearbeidet. Elevane må til ein viss grad stå fritt til å velje både lærestoff og arbeidsmåte og korleis dei vil samarbeide med andre. Dersom ein vil oppnå det engasjementet ein ønskjer frå elevane, må dei i stor utstrekning få høve til å arbeide på eiga hand, i grupper eller enkeltvis. Det vil framleis vere nødvendig og ønskjeleg å differensiere innanfor ramma til den enkelte klassen anten ein bruker organisatorisk differensiering eller ikkje. Større eller mindre delar av klassen må arbeide noko på eiga hand mens læraren arbeider med resten av klassen. I ein skole som legg vekt på å utvikle sjølvstende hos elevane, er ikkje dette noka ulempe, men det kan vere vanskeleg å finne fram til praktiske ordningar for å gjennomføre det. I arbeidet med å løyse differensieringsproblemet innanfor ramma til klassen kan ein i somme emne både i praktiske og i teoretiske fag bruke undervisningsopplegg som er sjølvinstruerande og sjølvkontrollerande. I andre emne kan såkalla prosjektplanar vere betre eigna. Her er ikkje nøkkel ordet sjølvinstruerande materiale, men sjølvstendig arbeid med eit forholdsvis ustrukturert stoff. Dermed kan elevane i ein viss grad sjølv finne sin plass og sitt arbeidsområde. Opplegget vil på ein smidig måte kunne gje rom for individuelle skilnader. Elevane må ikkje berre få presentert ferdige løysingar, men også få høve til å formulere og arbeide med sentrale problem eller tema i eit fagområde. Når ein skal velje arbeidsmåte, må ein avpasse han etter føresetnadene hos elevane. Det generelle modningsnivået hos elevane, deira evne til å bruke ulike arbeidsmåtar og deira interesser bør også vere med på å bestemme valet til læraren. Også den undervisningstida som står til rådvelde, måten denne tida er organisert på og stoffmengda vil vere viktige. Det same må ein seie om dei hjelpemidla ein har i oppbygginga av lærebøkene og den røynsla kvar lærar har i å bruke ulike arbeidsmåtar. Karakteren av lærestoffet vil også vere avgjerande når ein skal velje arbeidsmåte. Det er t.d. klart at å lære inn detaljkunnskapar og enkle dugleikar krev ein annan arbeidsmåte enn når ein ønskjer å fremje evna hos elevane til å tolke og analysere samansette og vanskelege problem. Mens ein i grunnleggjande framandspråkopplæring legg hovudvekta på å lære inn detaljkunnskapar, elementære strukturar, ord som ofte kjem igjen og på dugleikar (god uttale), vil ein t.d. i samfunnsfag ved sida av kunnskapsstoffet også leggje stor vekt på forståing, analyse og danning av holdningar. Også innanfor eitt og same fag er det ulike typar lærestoff å arbeide med. Mens det t.d. er ei typisk detaljinnlæring å lære mengdesymbol i matematikken, vil drøfting av funksjonar krevje at ein bruker lærte prinsipp. I praktiske yrkesfag (arbeidsteknikk) vil denne vekslinga mellom å øve inn dugleikar og arbeidsoppgåver som krev innsikt, forståing og sjølvstendig
Skann 42 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 40». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/42/