SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 39 skann 41

39 stoffval, metodikk og organisering. Den støtteundervisninga elevane kan få i tilknyting til undervisninga i vanlege klassar, bør vere ei styrking av den ordinære undervisninga slik at elevane kan følgje dei vanlege undervisningsplanane. For elevar som har større lærevanskar, må det arbeidast ut årsplanar i enkeltfag eller eigne undervisningsopplegg for spesielle klassar. Elevar som følgjer spesielle årsplanar i enkelte fag, følgjer den ordinære undervisningsplanen i andre fag, mens undervisninga i spesialklassane følgjer eit eige opplegg i alle faga. 6.3. Arbeidsmåtar I arbeidet med å realisere målet for skolen vil også arbeidsmåtane stå sentralt. Blant hovudoppgåvene til den vidaregåande skolen er å førebu for yrke og samfunn og leggje eit grunnlag for vidare utdanning. Vi må rekne med at samfunnet vil gjennomgå omfattande endringar medan eit menneske er yrkesaktivt. Det er derfor viktig at ein lærer elevane å lære, at ein i undervisninga legg stor vekt på grunnleggjande og sentrale kunnskapar og dugleikar, og at ein arbeider mot større sjølvstende for elevane i undervisningssituasjonen når det gjeld å velje både lærestoff og arbeidsmåte. For mange elevar er vegen frå det praktiske og konkrete til det meir teoretiske lærestoffet ein god måte å lære på. Sjølv om det i mange fag vil vere aktuelt å leggje vekt på grunnleggjande og sentrale kunnskapar, må ein ikkje gå så langt at undervisninga blir for abstrakt og teoretisk i forhold til motivasjonen og læreevna hos elevane, eller til at elevane ikkje får oppleve den naturlege samanhengen mellom faga og det yrket dei førebur seg for. Ein må finne fram til ein rimeleg balanse mellom kravet om tilpassing til yrke og samfunn på den eine sida og sjølvstendet til elevane på den andre. I denne samanhengen er det viktig at elevane lærer seg å hente informasjon frå mange forskjellige kjelder. Dermed vil dei få betre føresetnader for å ta stilling til ulike spørsmål på sjølvstendig grunnlag ut frå ein kritisk analyse av den informasjonen dei får i og utanom skolen. Eitt av dei sentrale måla for skolen er å fremje den personlege utviklinga hos elevane. Kravet om å tileigne seg kunnskapar og dugleikar kan både lærarane og elevane kjenne som eit press. Ein har lett for å prioritere aktivitetar som gjev resultat som ein etter måten lett kan måle. Derved står viktige sider ved målet til skolen i fare for ikkje å bli realiserte. I undervisninga må ein derfor opne for oppleving, engasjement, danning av holdningar og for utvikling av sosiale evner. Også i dei meir teoretiske faga må ein vere klar over kor verdifullt det er å la elevane få vere med på praktiske aktivitetar av ulike slag, t.d. får sjansen til sjølvstendig oppleving av estetiske verdiar. Skolen skal også motivere elevane til medmenneskeleg kontakt og samarbeid og førebu dei på å vere med i samfunnslivet og arbeidslivet både der ein tek avgjerder og der dei blir sette ut i livet. For at skolen skal kunne tene desse måla, bør ein engasjere elevane sterkt i sjølve læringsprosessen. Ein må leggje undervisninga opp slik at
Skann 41 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 39». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/41/