SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 38 skann 40

38 sjølvsagt variere frå fag til fag. Men ein bør likevel bruke dei valtilboda som finst der det er mogeleg og ønskjeleg. Ein må så langt det er mogeleg trekkje elevane inn når ein skal velje lærestoffet. I yrkesfag kan ein stå overfor både krav om å øve inn grunnleggjande dugleikar for å kunne arbeide i eit yrke og krav til ei opplæring som ser meir tids- og situasjonsbestemt ut. I slike tilfelle må ein leggje vekt på kva dei generelle kompetansekrava i yrket er. Dette gjeld også spørsmålet om å tilpasse seg lokale opplæringsbehov. Ein må velje lærestoffet og arbeidsoppgåvene under den synsvinkelen at dei skal fremje dei reint faglege måla. Dei problemstillingane og den arbeidsmåten som er karakteristisk for faget, bør kome fram. I fagplanane er det gjort greie for kva som skal vere felles lærestoff for alle elevane. Det er svært viktig at lærestoffet er ajourført. Ein bør ta sikte på å fjerne uaktuelt stoff. Stoffmengda er i dag så stor i alle fag at det er nødvendig å avgrense sterkt dei emna og arbeidsoppgåvene som ein kan ta inn i opplæringa i den vidaregåande skolen. I ei tid da tilgangen på informasjon er rik, og ungdommen kan bli freista til å omgåast store informasjonsmengder på overflatisk vis, er det viktig at skolen avgrensar og legg stoffet til rette slik at elevane får høve til å fordjupe seg i oppgåvene. Når ein skal avgrense lærestoffet, bør ein prøve å følgje visse retningslinjer: Når ein skal velje ut stoff, bør detaljkunnskapane ikkje bli fragmentariske. Detaljkunnskapar og annan informasjon som er nødvendig for å få innsikt og for å forstå stoffet, bør ein prioritere. På same måten bør ein prioritere lærestoff som kan hjelpe til med å kaste lys over dei sentrale delane av faget. I den grad det er mogeleg bør elevane få noko kjennskap til metodar for forsking og utvikling i faget. Ein del av elevane i den vidaregåande skolen vil ha behov for å få spesialpedagogisk hjelp på grunn av spesielle lærevanskar. Desse lærevanskane kan ha samanheng med medisinske, psykiske eller sosiale forhold som har gjeve seg utslag i ulike funksjonshemmingar. Det vil her kunne dreie seg om ulike former for sanseforstyrringar eller sansedefektar, og tale-, lese- eller skrivevanskar. Andre elevar vil kunne ha meir generelle utviklingshemmingar, slik at det blir nødvendig å gje spesialpedagogisk hjelp fordi den vanlege pedagogikken ikkje gjev eit tilstrekkeleg grunnlag for den undervisninga som blir kravd. For ein del av elevane vil det såleis vere behov for spesielle læremiddel, metode- eller undervisningsopplegg, mens det for andre funksjonshemma først og fremst vil dreie seg om forhold som gjeld bygningar eller utstyr. Ein del av elevane vil ha så omfattande eller djuptgripande funksjonshemmingar at framtidsutsiktene vil gå i retning av verna sysselsetjing. Andre elevar med funksjonshemmingar bør gjennom ulike støttetiltak kunne kompensere funksjonshemmingane i så sterk grad at dei eventuelt også kan ta sikte på høgare utdanning. Undervisningsopplegget for dei funksjonshemma elevane i den vidaregåande skolen må ha breidd og variasjon både når det gjeld læreområde,
Skann 40 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 38». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/40/