SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 37 skann 39

37 ein har meir å velje mellom enn før av alternativt lærestoff innanfor eit fag. Når ein skal velje lærestoff, må ein gjere det ut frå dei grunnleggjande verdiane skolen byggjer på, dei måla og oppgåvene skolen arbeider for, og ut frå måla for kvar studieretning og kvart fag og for kvar elev. Det ligg i vår demokratiske tradisjon eit ideal om likestilling mellom kvinne og mann, mellom sosiale klassar og mellom geografiske område. Gjennom lærestoffet må ein derfor meir aktivt gå inn for å motverke sosiale fordommar og diskriminering. I ei tid med auka internasjonalt samkvem på alle område er det viktig at lærestoffet kan gje elevane sakleg informasjon om andre nasjonar og andre kulturformer enn vår eiga. Samtidig er det viktig at lærestoffet i dei faga som eignar seg for det, kan bli utforma slik at det er med på å styrkje det lokale kulturmiljøet og elevane si tilknyting til lokalsamfunnet. Formålsparagrafen (§2) i lov om vidaregåande opplæring nemner økologisk forståing som eitt av måla med opplæringa. Særleg i samfunnsfag og naturfag og i yrkesfaga bør økologiske synspunkt få ein sentral plass. Den vidaregåande skolen skal førebu for yrkes- og samfunnslivet og leggje eit grunnlag for vidare utdanning. Ein må derfor leggje lærestoffet til rette slik at ein styrkjer den generelle studiedugleiken til elevane. Gjennom undervisninga må ein prøve å fremje evna hos elevane til å lese og forstå, til å formidle innsikt og meiningar og til å gjere arbeid i eit yrke. Så langt det er mogeleg, må ein byggje lærestoffet opp slik at det blir mogeleg for elevane å arbeide med det på eiga hand, og slik at det gjev meiningsfylt informasjon og opplæring i dei faga eller emna som dei ønskjer å studere. I og med at ein legg stor vekt på den personlegdomsbyggjande verknaden arbeidet med lærestoffet har, blir kravet om fellesskap i kunnskapar mindre. Det er like viktig at lærestoffet engasjerer elevane og utfordrar dei til å tenkje og arbeide, som at det er ein del av vår felles kultur. Opplæringa må prøve å kome interessene og dei faglege føresetnadene hos elevene i møte. I mange fag må elevane arbeide med ulikt stoff både når det gjeld mengd, innhald og framstillingsform. I kvart fag må ein derfor leggje til rette varierte tilbod av lærestoff. Lærestoffet må i større grad enn tidlegare i vanskegrad og form vere avpassa slik at kvar elev får arbeide med stoff som han forstår og som har ei meining for han. Ein må velje lærestoffet slik at det kan stimulere til å variere arbeidsmåtane. Dette krev at den stoffmengda som kvar elev skal gå gjennom, må vere så mykje avgrensa at det verkeleg blir mogeleg å bruke arbeidsformer som t.d. gruppearbeid, sjølvstendig arbeid, diskusjonar, ekskursjonar. Ein må sjå på fagplanane i denne læreplanen som rammeplanar. Det vil seie at dei er så omfattande at ein må velje ut av dei både for kvar klasse og for kvar elev. Sjølv om ramma er omfattande, må ikkje det hindre lærarane og elevane i å gå utanom det som fagplanane set opp som lærestoff når det er behov for det, og når eit slikt val er pedagogisk godt fundert. Den fridomen elevane og lærarane har til å velje sitt eige opplegg, vil
Skann 39 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 37». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/39/