SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 36 skann 38

36 6. LÆRESTOFF OG ARBEIDSMÅTAR 6.1. Skolen sitt mål og opplæringa I kapittel 1, Mål og middel, finn ein omtale av dei måla som ein skal prøve å realisere gjennom heile verksemda til skolen. I fagplanane er det forsøkt å vise korleis ein kan realisere desse måla gjennom opplæringa i dei enkelte faga. Måla uttrykkjer kva for verdiar ein bør prioritere i skolearbeidet. Gjennom opplæring må ein prøve å konkretisere desse verdiane, forklare og grunngje dei, men ikkje drive direkte meiningspåverknad, for ikkje å tale om press. Den vidaregåande skolen vil få elevar frå alle samfunnslag og frå heimar med svært forskjellige livssyn. Foreldra må kunne stole på at elevane får ei opplæring som både er sakleg og allsidig. Dette gjeld i særleg grad kontroversielle spørsmål når ein skal ta for seg livssyn, ideologiar og aktuell politikk. Ein bør vege ulike oppfatningar mot kvarandre, slik at elevane kan ta sjølvstendige standpunkt i slike spørsmål. Funksjonen til skolen må helst vere å leggje til rette faktisk materiale som grunnlag for meiningsdanning. Skolen skal ikkje berre formidle kunnskapar i tradisjonell forstand. Han skal også prøve å skaffe fram større samfunnsforståing og kontakt mellom ulike yrkesmiljø, og lære dei enkelte elevane å sjå si eiga verksemd i ein større samanheng. I skolar med fleire studieretningar og fleire linjetilbod vil elevane få direkte kontakt med ei rekkje ulike fag og yrke i samfunnet. 6.2. Lærestoffet Den vidaregåande skolen skal formidle kunnskapar av ulik karakter. På den eine sida har skolen eit stort innslag av generelle allmennfag med lang tradisjon i vår kulturkrins. Desse blir ofte med eit lite presist ord kalla "teoretiske" fag. På den andre sida har vi dei mange yrkesfaga, som har sine vesentlege kunnskaps- og informasjonskjelder i arbeidslivet. Yrkesfaga har igjen ulike innslag av praktiske og teoretiske emne, varierande for dei ulike fagområda. Det lærestoffet elevane får tilbod om i den vidaregåande skolen, vil vere variert og avvekslande, både fordi kvart kurs er sett saman av mange fag, fordi ein skal kunne tileigne seg lærestoffet på ulike måtar, og fordi
Skann 38 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 36». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/38/