SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 35 skann 37

35 undervisning som gjer det nødvendig å etablere visse spesialpedagogiske tiltak. Desse tiltaka må ha breidd og variasjon både når det gjeld læreområde, stoffval, metodikk og organisering. Fleire organisatoriske ordningar kan kome på tale. For nokre av dei funksjonshemma elevane vil det vere nok å få hjelp berre i enkelte fag eller disiplinar. Denne hjelpa kan dei ofte få innanfor klasseramma som støttetimar for enkeltelevar, eller det kan vere aktuelt å organisere spesielle grupper for fleire elevar med same undervisningsbehovet. I enkelte tilfelle kan hjelpa dreie seg om ein spesiell metodikk, mens det for andre meir blir eit spørsmål om spesielle hjelpemiddel eller spesialutstyr. Men ein del elevar vil ha behov for meir omfattande hjelp. Det kan her bli tale om spesielle undervisningsopplegg som dekkjer ein heil fagkrins og går over eit heilt, eller fleire skoleår. Slike spesialklassar kan ein dels organisere i tilknyting til vanlege skolar, dels i eigne spesialskolar. Etter §ll i lova vil spesialundervisninga også omfatte vidaregåande opplæring som blir gjeven i tillegg til andre former for hjelp i sosiale og medisinske institusjonar, ved vanlege sjukehus, og som heimeundervisning eller undervisning under opplæring på ein arbeidsplass. Her vil det også bli behov for både eineundervisning og gruppeundervisning. Ein kan skilje mellom desse formene for hjelp: 1. Differensiering på grunn av spreiinga i føresetnadene til elevane. 2. Støtteundervisning i enkelte fag eller disiplinar i tilknyting til undervisninga i vanlege klassar. 3. Årsplangrupper som får full spesialundervisning i enkelte fag. 4. Spesialklassar som får full spesialundervisning i alle fag, ved ordinære skolar. 5. Undervisning i spesialskolar. 6. Undervisning i sosiale og medisinske institusjonar. 7. Undervisning under opplæring på arbeidsplass. 8. Heimeundervisning. Alle elevane i den vidaregåande skolen har krav på ei opplæring som i størst mogeleg grad tek omsyn til føresetnadene til den enkelte når det gjeld både evner, interesser og anlegg. Ei rekkje pedagogiske differensieringstiltak (styrkingstiltak) innanfor klasseramma kan ein derfor ikkje rekne som spesialundervisning. Eit veldifferensiert undervisningstilbod vil seie også ein betre læringssituasjon for funksjonshemma. Mange pedagogiske styrkingstiltak vil vere ein del av det ordinære tilbodet til skolen. Den eigenlege spesialundervisninga for funksjonshemma er omfatta av punkta 2—6. Undervisning under opplæring på arbeidsplass og heimeundervisning vil vere undervisningsformer som alle elevane kan kome til å få behov for. Men for mange funksjonshemma vil ei veksling mellom praksis på ein arbeidsplass og undervisning i skole, eventuelt på sjølve arbeidsplassen, vere ei formålstenleg undervisningsform. Lova skil mellom intern og ekstern spesialundervisning, og punkta 5 og 6 viser dei eksterne tiltaka.
Skann 37 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 35». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/37/