SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 34 skann 36

34 5.4. Organisatorisk differensiering og differensiering i klassen I dei yrkesfaglege studieretningane skjer den faglege differensieringa for det meste gjennom kva for linje elevane vel. Dei enkelte einingane er som regel små - 15 elevar eller færre, og gruppa vil arbeide mot eit felles kompetansemål. I studieretning for allmenne fag og enkelte andre studieretningar vil ein kunne gjennomføre dei ulike differensieringsformene som er nemnde ovanfor, så vel innanfor kvar klasse som ved særskilt gruppering (organisatorisk differensiering). For å kunne gjennomføre ei effektiv opplæring i enkelte fag kan det vere nødvendig for skolane å bruke organisatorisk differensiering, slik at ein samlar elevane i formålstenlege arbeidsgrupper. Også i slike tilfelle vil det vere eit visst behov for å differensiere innanfor kvar klasse eller gruppe. Som eit ledd i differensieringa må elevane så tidleg som mogeleg få opplysning om kva dei enkelte kurseiningane inneheld av fagstoff, og kva for breidd og fordjuping i stoffet kurset kan gje. Elevane bør deretter i første omgang stort sett få følgje dei kurseiningane dei ønskjer. Etter ei tids undervisning vil det vere klart om det er behov for organisatorisk differensiering eller omgruppering av elevane i ein del fag. Grupperinga av elevane må skje i samråd mellom eleven, eventuelt foreldra, læraren, rådgjevaren og rektor. Omsynet til undervisninga tilseier at skolane må ha ein forholdsvis stor rett til i siste instans å kunne bestemme grupperinga og kva for gruppe eller klasse kvar elev skal vere i. Ved organisatorisk differensiering kan ein setje saman klassane eller gruppene for eit skoleår eller for delar av eit skoleår. Det må vere høve for elevane å skifte gruppe når forholda ligg til rette for det. Dersom ein legg fag parallelt, vil det gjere det lettare å differensiere organisatorisk. Når ein legg fag parallelt på ulike årssteg, må ein også prøve å leggje forholda til rette slik at elevane kan følgje enkelte fag om igjen sjølv om dei held fram på det neste steget i dei fleste faga. Ein må gjennomføre differensieringa på ulike måtar alt etter forholda ved kvar skole. Det er viktig at skolane legg vekt på å finne fram til smidige løysingar som kan dekkje dei behova skolen har. Ein må elles ordne undervisninga slik at elevane, utan omsyn til gruppering, kan nå så langt som dei har føresetnader for. Det er viktig å gjennomføre differensieringa slik at ho ikkje blir til skade for det sosiale fellesskapet i klassen eller gruppa. Ein må derfor gjennomføre differensieringa med forståing og varsemd overfor dei menneskelege forholda ein rører ved. Når differensieringsbehovet blir stort fordi elevane er svært ulike, vil dette få følgjer anten ved at ein samlar elevane i grupper som er slik at ei felles undervisning har meining, og/eller ved å bruke arbeidsmåtar som kan ta opp i seg og dra nytte av store individuelle skilnader. Nettopp fordi det er lettare å omorganisere elevane enn arbeidsmåtane, må ein medvite arbeide for å få fram arbeidsmåtar og hjelpemiddel som kan gjere det mogeleg for ei større gruppe elevar å arbeide og leve saman enda om dei er nokså ulike. Ein del elevar vil på grunn av ulike funksjonshemmingar ha behov for
Skann 36 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 34». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/36/