SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 33 skann 35

33 det er mogeleg å vurdere elevane sine prestasjonar felles. Kor langt ein kan gå i dette, blir det gjort nærmare greie for i kvar fagplan. Ved nivådifferensiering prøver ein å tilpasse undervisninga og arbeidet etter evnene og dei faglege føresetnadene til kvar elev. I yrkesfaglege studie retningar bør ein også ta omsyn til dei varierte yrkestilboda som kan finnast innanfor det fagområdet eleven har valt. I dei fleste fag vil det derfor vere behov for ei slik innanfagleg differensiering som er basert på ulike utdanningsmål og interesser. Også ved denne differensieringa må ein halde på det felles målet. Nivådifferensiering kan ein gjennomføre både i form av større eller mindre breidd i opplæringa og gjennom større eller mindre fordjuping på dei enkelte områda av faget. I alle fag er det såleis høve til innanfor nærmare grenser å velje blant dei emna som er nemnde i fagplanen. Elevar som har føresetnader for det, kan såleis få ei breiare innføring i faget enn andre. Ein kan også differensiere opplæringa i dei enkelte emna ved at ein del elevar går djupare inn i emnet og arbeider med vanskelegare oppgåver. Krava til fagleg nivå kan ein prøve å nå på forskjellige måtar. For elevar som står fagleg svakt, kan det bli nødvendig med redusert eller enklare fagleg innhald og støtteundervisning. For elevar som står fagleg sterkt, kan det bli aktuelt å gje materiale til større fordjuping i faget, stoff av større vanskegrad og rettleiing til sjølvstendig arbeid. Ved tempodifferensiering prøver ein å kome dei ulike arbeidsevnene og tempoa til elevane i møte. Kvar elev vil ikkje nå like langt innanfor ein opp gjeven tidsfrist. I praktiske fag vil ein alltid få ein høg grad av tempodifferensiering, fordi elevane mesteparten av tida er opptekne med eigenarbeid. Ei meir systematisk form for tempodifferensiering vil ein kunne få gjennom den såkalla studieplassopplæringa. Kvar elev arbeider ved ein bestemt maskin eller med å lære ein bestemt teknikk til han har skaffa seg den dugleiken og kunnskapen som er nødvendig, og går deretter vidare til neste studieplass. Ein kan bruke tempodifferensiering for delar av fagstoffet i eit fag eller på heile årskurs i faget. Elevar som treng det, må få høve til å bruke td. to år på ei kurseining som normalt er på eitt år. Ein del elevar vil truleg ha mest utbyte av å kunne få bruke lengre tid på alle eller ein større del av faga i eit kurs. Slike elevar vil med andre ord ha behov for å ta t.d. eit 1-årig grunnkurs over to år. For elevar som treng lengre tid på berre eitt eller eit par av faga i eit kurs, kan det likevel vere aktuelt å halde fram i vidaregåande kurs. Så langt som mogeleg bør skolane ordne klassane slik at dei elevane det her er tale om, kan få arbeide med kurseiningar som høyrer heime i lågare årskurs i det eller dei faga der det er aktuelt. På same måten bør ein elev som har følgt kurs i eit fag på t.d. det 2. klassesteget, ha høve til å ta eksamen på det 1. klassesteget. Det vil truleg også vere ønskjeleg å leggje forholda til rette for kurseiningar som er kortare enn eitt år. Dette kan gjelde enkelte fag eller delar av fag som ein gjer unna på t.d. eit halvt år, eller det kan gjelde heile fagkrinsen delt på kortare terminar med sikte på deleksamenar.
Skann 35 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 33». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/35/