SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 32 skann 34

32 greie for kva alle elevane må arbeide med og lære i faget. Ordninga med rettleiande fagplanar skal tene fleire formål: Ein må prøve å ta omsyn til interessene hos elevane. Når ein elev får arbeide med emne og oppgåver som interesserer og engasjerer han, vil læringa gå lettare og gje han større utbyte. Fagplanane opnar også for å samordne undervisninga i forskjellige fag. Det bør dessutan vere ei oppgåve å tilpasse opplæringa etter dei lokale forholda. Derved kan ein nytte ut opplæringstilboda i nærmiljøet utanfor skolen, og elevane kan byggje på røynsler frå deira eige miljø i opplæringa. Så langt det er mogeleg, må ein syte for at kvar elev får ei opplæring som passar til hans kunnskapsnivå og til hans føresetnader og evner i det heile. Han må få arbeide med stoff som han kan forstå og oppgåver som han kan greie. Ein må i all opplæring medvite prøve å leggje forholda til rette slik at elevane får høve til å arbeide med oppgåver der dei kan lykkast. Samtidig bør det også vere eit mål at alle elevar alt etter sine evner og anlegg skal møte utfordringar i skolearbeidet som krev innsats og at dei gjer sitt beste. 5.3. Ulike former for differensiering Fagplanene gjev rom for ulike former for differensiering. Ein kan bl.a. skilje mellom stoffleg differensiering, nivådifferensiering og tempodifferensiering. Med stoffleg differensiering forstår ein at elevane innanfor same fag og kurseining arbeider med ulikt stoff eller ulike arbeidsoppgåver. Denne forma for differensiering er ikkje ukjend i norsk skole. Forskjellige klassar har t.d. lese ulike litteraturutval i norsk og framandspråk, og elevar også i same klassen har arbeidd med ulike emne for særoppgåver. I praktiske fag har arbeidsoppgåvene ofte variert etter lokale forhold. Det nye ved fagplanane i denne læreplanen er at dei gjev høve til å gå lenger enn før i denne retninga. Det er i første rekkje gjennom denne forma for differensiering at ein kan kome interessene til elevane i møte, og på den måten finne fram til emne og oppgåver som kan engasjere dei. Blant anna gjer den store valfridomen det mogeleg å bruke meir tid på enkelte emne og område av faget. Valfridomen gjer det dermed mogeleg å fordjupe seg meir i stoffet. 1 yrkesfaglege studieretningar og linjer kan ein samordne lærestoffet i allmenne fag og yrkesfag slik at faga støttar opp om kvarandre. Innhaldet i allmennfag kan vere ulikt, t.d. for handel og kontor og for ulike linjer innanfor handverk og industri. Naturfag- og matematikkundervisninga kan ein tilpasse behovet til dei enkelte faggruppene og gjere meir yrkesretta. I norsk, samfunnskunnskap og framandspråk kan ein til ein viss grad trekkje inn stoff frå vedkomande yrkesområde. Fridomen til å velje stoff og arbeidsoppgåver vil som nemnt lenger framme ikkje vere like stor i alle faga. Som ein hovudregel må den stofflege differensieringa ikkje gå lenger enn at ein kan halde ved lag målet og kompetansen for faget. Differensieringa må heller ikkje gå lenger enn at
Skann 34 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 32». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/34/