SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 31 skann 33

31 5. DIFFERENSIERING 5.1. Fagleg differensiering og differensiering i dei enkelte faga Den vidaregåande skolen skal vere open for all ungdom, og hovudgrunnlaget for differensieringa vil bli interessene og yrkesmåla til elevane. Skolen må derfor ha høvelege opplæringstilbod for alle. Så langt det er mogeleg, må kvar elev få slik opplæring og slike arbeidsvilkår at han kan utvikle evnene og anlegga sine og tileigne seg kunnskapar og dugleikar etter sine føresetnader. I alle vidaregåande skolar vil ein få elevar som er svært ulike både når det gjeld interesser og yrkesmål, evner og anlegg og forkunnskapar. Det vil derfor vere behov for så vel fagleg differensiering som differensiering i dei enkelte faga og kurseiningane. Behovet for fagleg differensiering kjem den vidaregåande skolen i første rekkje i møte gjennom det breie tilbodet av studieretningar, linjer og valfag, slik det er gjort greie for i kapittel 4. Den enkelte skolen vil likevel ha eit meir eller mindre avgrensa tilbod. Elevar som ønskjer studieretningar og linjer som ikkje finst ved den eller dei skolane som ligg nærmast må få høve til å søkje opptak ved ein annan skole der dei kan få den opplæringa dei ønskjer. Det skal vere fullt høve til å gå ut i arbeidslivet etter eitt eller to år, og elevar som vender tilbake til skolen etter å ha skaffa seg røynsle frå eit yrke, bør få tilbod som tek omsyn til dei kunnskapane dei har tileigna seg på fagområdet. 5.2. Differensiering i dei enkelte faga og kurseiningane Også i dei enkelte faga eller i den enkelte kurseininga vil det vere behov for ei omfattande differensiering. Fagplanane er derfor rettleiande. Dei fastset ikkje i detalj kva for stoff ein skal arbeide med, eller kva for arbeidsmåtar ein skal bruke. Dei er i regelen så omfattande at ein må gjere eit utval både for den enkelte klassen og for den enkelte eleven. Fagplanane skil derfor mellom stoff og arbeidsoppgåver som bør vere felles for alle elevar som tek vedkomande fag og kurseining, og stoff og emne til val. Det vil også vere høve til å arbeide med emne eller oppgåver som ikkje er nemnde i fagplanane. Den pedagogiske fridomen det her er tale om, vil likevel ikkje vere like stor i alle faga. I kvar fagplan blir det gjort nærmare
Skann 33 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 31». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/33/