SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 30 skann 32

30 allmenne fag. Han gjer det også mogeleg å setje opp klassar i dei felles allmenne faga med elevar frå ulike studieretningar eller linjer. 2. Ein set klassane opp på grunnlag av kva for studieretning og linje elevane har valt. Klassane er da samla i studieretningsfaga. Denne modellen høver best i 1-årige kurs i studieretningar for yrkesfag. I felles allmenne fag og eventuelt også i andre teorifag kan ein slå saman to klassar på inntil 15 elevar. Ein kan også omgruppere elevane friare i desse faga. Ein må også omgruppere elevane i valfag. 3. Ein set klassane opp slik at elevane er samla både i felles allmenne fag og i stu die retnings- (linje-) fag. Denne modellen kan ein bla. bruke i studieretning for allmenne fag. Dersom ein bruker modellen i det 1. årskurset, vil det likevel i regelen bli nødvendig å omgruppere elevar eller organisere klassane på nytt i det 2. årskurset når elevane har valt linje og fagkombinasjon. Også i denne modellen må ein omgruppere elevane i valfag. Ein bør elles prøve å ordne undervisninga slik at kvar elev får høve til å velje valfag etter sine interesser. Dei fastsette rammetimetala krev likevel at gruppene i valfag får ein rimeleg storleik. Det vil derfor vere fornuftig ikkje å tilby for mange valfag. Og det vil ikkje alltid vere mogeleg eller økonomisk forsvarleg å realisere alle tilboda. I ein del fag kan det vere behov for å omgruppere elevane i fleire klassar med sikte på ei organisatorisk differensiering (nivågruppering). Det krev at ein legg faget opp parallelt i fleire klassar dersom dette elles er mogeleg. Ein del elevar vil ha behov for å ta om igjen eit årskurs i eit enkelt fag. For slike elevar vil det vere ein fordel om timeplanen for den klassen han eller ho går i, kan bli samordna med timeplanen i ein klasse på eit lågare årskurs, slik at eleven kan følgje undervisninga i faget der. Igjen vil dette ofte bli eit spørsmål om kva som er praktisk mogeleg. I ein del fag vil det vere ønskjeleg å kunne gje ein del av undervisninga i mindre grupper. For at det skal vere mogeleg, kan ein i andre timar i faget slå saman to eller fleire klassar til ein storklasse. Ei løysing av dette slaget er lagundervisning. Lærarane i same faget i fleire klassar samarbeider slik at når ein lærar underviser i storklasse, kan andre lærarar undervise mindre grupper i emne som krev meir individuell rettleiing, eller ta seg særskilt av mindre grupper av elevar som treng særskilt hjelp. Dei fag- og timefordelingsplanane som departementet fastset, må ein i første rekkje sjå på som reglar om korleis ein skal fordele undervisninga på faga. Kvar skole må sjølv avgjere korleis ein kan dele skoledagen i økter. Det kan vere aktuelt for skolen å innføre t.d. ein midttime eller ein time i førstninga eller mot slutten av skoledagen der det ikkje er noko undervisning. Slike timar kan ein bruke til elevrådsmøte og sosialpedagogiske oppgåver, til samråding av ulike slag eller til lekselesing eller andre former for arbeid på eiga hand.
Skann 32 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 30». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/32/