SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 29 skann 31

29 innanfor den enkelte studieretninga (eller linja). Desse faga kan vere allmenne fag, yrkesfag, estetiske fag eller andre. Valfaga kan vere interessefag som ikkje er spesielt knytte til den studieretninga (eller linja) som eleven har valt, eller dei kan vere fag som kompletterer studieretninga eller linja. Ein kan velje valfaga frå yrkesfag, allmenne fag eller estetiske fag. Dei timane som ikkje er bundne til felles allmenne fag eller til studieretningsfag, kan ein bruke til valfag. Alle studieretningar skal leggjast opp slik at det blir mogeleg å velje valfag. I det enkelte faget skil ein mellom grunnleggjande og vidaregåande kurseiningar. Ei kurseining er i regelen 1-årig, men kan for ein del elevar også vere delt på to år. Elevane kan alt etter sine føresetnader bruke ulik tid på den same kurseininga. Denne forma for differensiering er nærmare omtalt i kapittel 5. I fag som går over meir enn eitt år, er fagplanane lagde opp slik at det blir ein kontinuerleg progresjon i undervisninga. I ein del fag kan det bli behov for kortare kurs, det vil seie kurs som er mindre enn ei kurseining. . / 4.6. Ordninga av den enkelte skolen Dei studieretningane, linjene og kurstypane som er nemnde ovanfor, re- presenterer det samla tilbodet for heile landet. Kvar skole vil berre kunne .. ha ein mindre del av dette tilbodet. Det gjeld også skolar med fleire studieretningar. Elevar som vel studieretningar eller linjer som ikkje finst ved den skolen som ligg nærmast, må få høve til å søkje plass ved ein skole som har vedkomande kurs. For fylkeskommunale skolar avgjer fylket kva for studieretningar, linjer, grunnkurs og vidaregåande kurs skolen skal ha. Når tilbodet og elevtalet ved skolen er avgjort, fastset skolestyret på grunnlag av dei rammetimetala og eventuelle andre reglar om utrekning av lærartimetal som departementet har gjeve, det samla lærartimetalet som kvar skole kan disponere. Det er så ei oppgåve for skoleutvalet innanfor denne ramma å avgjere kva for fag skolen skal tilby, kva for klassar og grupper og korleis undervisninga elles skal vere ordna. Av det samla lærartimetalet skal ein del timar (undervisningseiningar) setjast av til sosialpedagogiske oppgåver, bl. a. rådgjeving. Som ein hovudregel bør ein bruke ein til to timar pr. klasse på inntil 30 elevar og tilsvarande mindre pr. klasse med inntil 15 elevar til slike formål. Resten av lærartimetalet skal ein bruke til undervisning. Når ein skal ordne undervisninga, bør ein syte for at kvar elev får ein del av timane i ein fast klasse. Dette kan skje på fleire måtar: 1. Ein set klassane opp slik at elevane er saman i dei felles allmenne faga (del 1 i fagkrinsen). Ein kan da dele klassane eller omgruppere elevane i stu die retnings- (og linje-) faga. I valfaga (del 3 av fagkrinsen) må ein igjen omgruppere elevane etter deira fagval. Denne modellen høver særleg i 2-årig grunnkurs i studieretningar for yrkesfag og i studieretningar for
Skann 31 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 29». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/31/