SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 28 skann 30

28 Dei fullstendige fag- og timefordelingsplanane for kvar studieretning og linje finn ein i del 3 av planen. I arbeidsteknikk og i ein del studieretningar for yrkesfag skal kvar undervisningstime vere på 60 minutt. I del 3, Fagplanar for studieretningsfag, blir det gjort nærmare greie for kva for studieretningar og fag det gjeld I andre fag i desse studieretningane er undervisningstida 45 minutt. I studieretningane for allmenne fag og handels- og kontorfag kan skolane velje mellom to modellar, ein med undervisningseiningar på 45 minutt og ein med undervisningseiningar på 40 minutt. Skolar som vel 40 minutts timelengd, må gjere dette alternativet mest mogeleg likeverdig med 45-minutts modellen. Elles gjeld desse reglane for 40-minuttsmodellen. / studieretning for allmenne fag skal elevane ha som minste undervisningstimetal for veka: 1. årssteget 32 2. årssteget 32 3. årssteget 31 Ein skal leggje fag- og timefordelingsplanane for 45-minuttersmodellen til grunn, og kvar skole bestemmer bruken av ekstratimane (to veketimar på det 1. og 2. årssteget, ein veketime på det 3. årssteget) etter desse reglane 1. årssteget: styrking av felles allmenne fag eller til ekstra val av fag 2. og 3. årssteget: styrking av felles allmenne fag, studieretningsfag og/eller valfag. For 1-år ig grunnkurs og vidaregåande kurs i studieretning for handelsog kontorfag kan kvar skole innanfor denne modellen fastsetje eit høgare minstetimetal for elevane enn 32, men ikkje meir enn 35. Kvar skole bestemmer kva for fag han eventuelt vil styrkje. I 2-årig grunnkurs i studieretning for handels- og kontorfag er minstetimetalet etter 40-minuttsmodellen 32 på begge årsstega. Kvar skole bestemmer kva for fag han vil styrkje. I begge modellane kan kvar elev på grunn av valfag få eit høgare timetal for veka enn dei minstetimetala som er fastsette for skolen. Ingen elev må likevel ha meir enn 35 undervisningseiningar for veka. Dei felles allmenne faga er fag som er felles for ulike linjer eller studieretningar. Det er ei gruppe av allmenne fag som er felles for elevar som har valt 1-årig grunnkurs i yrkesfagleg studieretning. Det er ei anna gruppe av allmenne fag som er felles for elevar som har valt 2-årig grunnkurs, nemleg norsk, religion, engelsk (A-språk), samfunnsfag, naturfag og kroppsøving. Fagplanane for desse faga er samla i del 2 av læreplanen. Alle dei fagplanane det her er tale om, er lagde opp slik at elevane står svært fritt til å velje arbeids- og lærestoff etter sine interesser og yrkesmål. Planane gjer det såleis mogeleg bl. a. å samordne undervisninga i felles allmenne fag med undervisninga i yrkesfag. Fagplanane gjev også rom for å differensiere etter dei ulike forkunnskapar og føresetnader som elevane har. Studieretningsfaga (og linjefaga) er ei større eller mindre blokk av fag
Skann 30 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 28». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/30/